80% vikariat i psykisk helse- og rusteneste
- Arbeidsgiver
- Vestre Slidre kommune
- Stillingstittel
- Psykisk helse- og rusteneste - vikariat
- Frist
- 12.09.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vestre Slidre kommune har ledig 80% vikariat i psykisk helse- og rusteneste med 1 års varigheit. Det er moglegheit for full stilling i periodar eller lågare stillingsprosent viss ynskjeleg.
Vestre Slidre kommune har eit kontorfellesskap der psykisk helse- og rusteneste, helsestasjon, familieveileder og kommunepsykolog i Øvre Valdres er samlokalisert.
Tenesta har 4 tilsette og er eit lågterskel-tilbod for personar som slit med si psykiske helse og/eller har rusutfordringar. Målet for tenesta er å fremme god psykisk helse, førebygge og redusere problemutvikling, samt fremme meistring av eiga liv. Tenesta har samarbeid med kommunens tildelingskontor, NAV, heimesjukepleia, miljøtenesta, spesialisthelsetenesta, fastlegar og frisklivssentralen.
Ynskjer du ei stilling der du kan delta i utviklinga av det helsefremmande og førebyggande arbeidet, er dette jobben for deg.
Arbeidsoppgåver
- klinisk jobbing, kartlegging, vurdering og behandling individuelt
- kurs/behandling i grupper
- veiledning til hovudsakeleg vaksne personar, pårørande og samarbeidande tenester i kommunen
- utforme behandlingsplanar, samt ivareta dokumentasjonsplikt
- tverrfagleg samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar
- deltaking i ansvarsgrupper, pårørandemøter og nettverksmøter
- førebyggande arbeid
Kvalifikasjonar
- 3-årig sosial- eller helsefagleg høgskoleutdanning (t.d. sosionom, vernepleier eller sjukepleier) eller annan relevant kompetanse (t.d. helsefagarbeidar)
- vidareutdanning i rus- og psykisk helsefaglege emner vektleggast
- erfaring frå arbeid med psykisk helse vektleggast
- kunnskap om anerkjente terapeutiske metodar innan psykisk helsearbeid og rusfeltet er ein fordel
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- må trivast med å arbeide sjølvstendig, sjå moglegheiter og ta initiativ
- ha stor arbeidskapasitet
- vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere
- engasjement og interesse for psykisk helsearbeid og rusfelt
- villig til å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- gode samarbeidsevner, innad i tenesta og på tvers av faggrupper
- evne til refleksjon over egen rolle, tenesta sine oppgåver og tenesteutøving
- evne til nytenking, utvikling, fleksibilitet og omstilling
Vi tilbyr
- gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
- regelmessige fagmøter og veiledning med kommunepsykolog, i tillegg til månadleg veiledning med psykisk helseteneste i Vang og Øystre Slidre
- fleksibel arbeidskvardag med dagarbeid og fleksitid
- gode pensjonsordningar
- løns- og arbeidsvilkår ellers etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, melanie.degen@vestre-slidre.kommune.noArbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 4846093833
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 12.09.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Slidrevegen 16, 2966 Slidre
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sosionom
- FINN-kode
- 367097262
- Sist endret
- 22. aug. 2024 12:41