Fagkonsulent i Gruppebehandlingsteamet DPS poliklinikk Ålesund

Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Fagkonsulent
Frist
05.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ei ledig fast stilling som fagkonsulent i vårt gruppebehandlingstilbod ved Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund!

Gruppebehandlingsteamet består av 8 stillingar, der vi har to overlegar, ein psykomotorisk fysioterapeut, ein psykologspesialist, ein sosionom og tre psykiatriske sjukepleiarar. Tilbodet er retta mot pasientar med moderat til alvorleg psykisk liding, med gruppebehandling som metode. Vi har i dag langtidsgrupper og korttidsgrupper. Til dømes Mentaliseringsbaserte grupper, leveregelgrupper, billedterapigrupper, psykodynamiske grupper og ulike psykopedagogiske grupper.

Gruppebehandlingsteamet er ein del av voksenpsykiatrisk poliklinikk i Ålesund som også har fleire team med ulike spissede oppgåver. Vi ønsker å vidareutvikle vårt tilbod i tråd med behova til våre pasientar.

Vi søkjer no etter ein engasjert og kompetent fagkonsulent som vil vere med å bidra med sin kompetanse inn i eit spennande fagmiljø og som ønsker å vere med på å utvikle seg sjølv saman med oss.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.



Arbeidsoppgåver

  • Gruppebehandlaransvar/medansvar i poliklinikken sitt aktuelle gruppetilbod
  • Moglegheit til poliklinisk/individuell behandling av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit
  • Bidra med sin fagkompetanse i teamet og elles i poliklinikken
  • Samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar i kommunar og innan eigen seksjon
  • Delta i vidareutvikling av poliklinikkens faglege gruppetilbod

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid.
  • Klinisk sosionom
  • 3- årig helse- og/ eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid.
  • Anna relevant utdanning og erfaring kan òg vurderast
  • Utdanning i gruppebehandling eller erfaring med tilnærminga er ønskeleg
  • Utdanning i terapiretning og med erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Gode faglege kvalifikasjonar
  • Fagleg engasjement
  • Evne til sjølvstendig arbeid, men også gode samarbeidsevner
  • Interesse for nye arbeidsformer innan psykisk helsevern
  • Evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for faglig utvikling innan ulike terapiretningar
  • Opplæring og fadder i starten
  • Rettleiing
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Håvard Helgesen, Seksjonsleiar, havard.helgesen@helse-mr.no

Arbeidssted

Geilebergveien 20

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4846524173

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 05.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Geilebergveien 20, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Psykolog
FINN-kode
367101029
Sist endret
22. aug. 2024 12:49