Filialstyrar Gulen folkebibliotek 

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Kultur og mangfald. Tilsetjing 24,7% fast filialstyrar frå 01.11
Frist
15.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga/stillingane

Gulen folkebibliotek har fire avdelingar. Hovudbiblioteket ligg i Eivindvik, og filialane i Brekke, Byrknes og Dalsøyra er lokalisert på skulane, saman med skulebiblioteka.

Er du glad i å lese, trivst du godt med å møte folk, og kan tenkje deg å formidle litteratur? Då håpar vi du vil søkje stillingane som filialstyrar!

Fylgjande stillingar vert ledige:

  • 9,5% fast stilling som filialstyrar på Dalsøyra, ledig frå 01.11.2024
  • 14,7% fast stilling som filialstyrar på Byrknes, ledig frå 01.11.2024

Dalsøyra filial er ope tysdagar kl. 16-19. Byrknes filial er ope onsdagar kl. 15-20.


Arbeidsoppgåver
  • Oppgåver knytt til utlån og innlevering
  • Samlingsutvikling
  • Litteraturformidling
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar
  • Erfaring frå kundebehandling eller serviceyrke
  • Ein må kunne kommunisere godt på norsk; både skriftleg og munnlege
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Fagbrev (to år) er ynskjeleg, men er ikkje eit krav for stillinga/stillingane

Personlege eigenskapar
  • Interesse for litteratur
  • Fleksibel, nøyaktig og strukturert
  • Imøtekommande, positiv og serviceinnstilt
  • Arbeide sjølvstendig, men også samarbeide godt med andre
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff

Sektor
Offentlig
Sted
Byrknes skule og Dalsøyra skule, 5970 Byrknesøy
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Annet
FINN-kode
367127654
Sist endret
27. aug. 2024 07:20