Inaktiv

Butikkmedarbeidar til naturskjønne Urke! Søk SNARAST

Arbeidsgiver
Urke Landhandel AS
Stillingstittel
Butikkmedarbeider dagligvarebutikk
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Likar du ein variert kvardag? Vil du være med på å halde liv i bygdene? Send inn ein søknad/CV snarast!

Vi ser etter ein ny butikkmedarbeider til å jobbe ca. 20-40% + tilkalling. Urke Landhandel AS er ein av dei få landhandlane i Noreg, og har som hovudoppgåve å levere basisvarer m.m. til lokalbefolkninga, og er essensiell for bygda. Det er ein møtestad, postkontor, ein daglegvare - butikk, bensinstasjon og campingplass (på sommaren). Urke er ei lita bygd med mykje turisme på sommaren, så arbeidsmengde vil variere i løpet av året. På vinteren vil stillinga tilsvare 20-40%. Til sommaren blir det mange timar å hente, om ein ynskjer dette, det vil tilsvare ei 100% stilling om du ynskjer det. Vil du være med å halde liv i bygda vår?

Første arbeidsdag 19.08.2024

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter personar med ulik bakgrunn og utdanning.

  • Relevant erfaring er ein fordel, men ikkje eit kriterie. Nødvendig opplæring vil bli gitt.

  • Personlege eigenskapar vil tilleggast stor vekt.

  • Norsk er ein fordel, men ikkje eit kriterie. Språk som engelsk eller tysk er ein fordel.


Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Kundeservice

  • Kassa-arbeid

  • Post-tjenester

  • Varepåfylling

  • Delta i vaktordning for Urke Camping

  • Reinhald

  • Andre forefallande oppgåver i butikken


Personlege eigenskaper:

  • Engasjert

  • Ansvarsbevisst

  • Kan arbeide sjølvstendig, men også god til å sammarbeide

  • Trivast med fysisk og variert arbeid

  • Serviceinnstilt


Språk:

  • Norsk

  • Engelsk (ikkje eit nødvendig kriterie)

Vi tilbyr:

  • Ein variert kvardag

  • Eit godt arbeidsmiljø

  • Konkurransedyktig lønn


For spørsmål om stillinga, kontakt:

Lea Sofie Langstøyl Ulstein, 95 44 10 45 (dagleg leiar)

Sektor
Privat
Sted
Urkevegen 185, 6196 Norangsfjorden
Stillingsfunksjon
Butikkansatt, Kundeservice
FINN-kode
367144681
Sist endret
29. sep. 2024 11:42