Inaktiv

Tannlege

Arbeidsgiver
Sentrum tannhelseområde, Loddefjord tannklinikk
Stillingstittel
Tannlege
Frist
08.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledig vikariat i 60% stilling som tannlege i Sentrum tannhelseområde. Stillinga er ledig frå 16 september 2024 til og med mars 2025. Vikariatet kan bli utvida og forlenga.

Arbeidsstad er for tida ved Loddefjord tannklinikk som er ein triveleg og travel tannklinikk ved Vestkanten kjøpesenter. Vi har 7 behandlingsrom der det jobbar 6 tannlegar, 3 tannpleiare og 7 tannhelsesekretærar. I tillegg til prioriterte grupper behandlar vi og ein god del vaksne, betalande pasientar.

Tannklinikken ligg sentralt til med hyppige bussavgangar



Kvalifikasjonar

Du må ha norsk autorisasjon som tannlege
Du må beherske norsk skriftleg og munnleg
Relevant informasjon for søknaden må vere oversett til norsk, evt engelsk
Den som blir tilsett i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar
Vi søkjer deg som;
- Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- Arbeider sjølvstendig og mestrar travle dagar
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande
og meidarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- Ønskjer å vere med å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr

Løn etter avtale, med ei minsteløn på f.t. kr 620.000.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Kari Johannesen Sigdestad, klinikkleiar , 93067422

Mette Vibeke Skønberg Vallentinsen, områdeleiar tannhelse, 92887298

Arbeidsstad

Loddefjordveien 2

5171 Loddefjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4849907635

Stillingsprosent: 60%

Vikar

Søknadsfrist: 08.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Loddefjordveien 2, 5171 Loddefjord
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Tannhelse, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
367160363
Sist endret
23. aug. 2024 06:36