Off. godkjent vernepleiar vikariat
- Arbeidsgiver
- Bu og habilitering, Dalevegen 30-32
- Stillingstittel
- Off. godkjend vernepleiar
- Frist
- 08.09.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
I Ørsta kommune er det for perioden 1.12.2024-31.12.2025 ledig vikarstilling for off. godkjent vernepleiar. Stillinga er f.t. plassert i tenesteområde Bu og habilitering, Dalevegen 30-32.
Bu og habilitering yter tenester til menneske med utviklingshemming eller andre funksjonsnedsetjingar som treng teneste i form av praktisk bistand, opplæring, aktivisering i kvardagen, helsetenester i heimen og avlastning for barn og unge. Hjå bu og habilitering får du jobbe tverrfagleg med andre yrkesgrupper og instansar. Vi søkjer deg som har erfaring frå eller har interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar og behov. Avdelinga har turnus på dag/kveld og helg, med ulike vaktlengder og hyppigheit av helgearbeid. Frå 02.12.24 byrjar kommunalområdet med årsturnus på alle avdelingar med døgndrift.
Den som vert tilsett må vere budd på å utføre arbeidsoppgåver/endre tenestestad i samsvar med kommunen sitt behov til ei kvar tid.
Arbeidsoppgåver
- Leggje til rette for at den enkelte tenestemottakar skal ha eit tilbod som fremjer eigen kvardag der dei har medbestemmelse og er aktiv deltakar i eigen kvardag
- Motivere til aktivitet, og bidra til opplæring av daglege gjeremål, ADL-ferdigheiter og meistring av eigen kvardag
- Sjå den enkelte tenestemottakar og deira behov ut i frå dei ressursar vi har tilgjengeleg
- Bidra til å skape ein trygg og forutsigbar kvardag
- Lage gode planar og rutiner kring den enkelte ut i frå føresetnader og behov
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent vernepleiar. Andre med 3 årig helse- eller sosialfagleg, eventuelt pedagogisk høgskuleutdanning og studentar i rett utdanningsløp, kan også søkje og verte vurderte for stillinga
- Du bør ha førarkort klasse B. Det er ønskeleg med manuelt gear
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
- Relevant arbeidserfaring
Personlege eigenskapar
- Kunnskap og interesse for og erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming
- At du er engasjert, fleksibel og løysingsorientert
- Evne og ferdigheiter til å jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig
- Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit arbeidsmiljø med fokus på godt fagleg innhald og meistring
- Gode kollegar og trivleg arbeidsmiljø
Rekrutteringstilskot er aktuelt å tilby nytilsette vernepleiarar i faste stillingar
Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 Gr.2 - stillingar med krav om høgskuleutdanning
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova §25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsynpå valeg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnalg for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Alice Karina Vervik, Avdelingsleiar, 476 45 722, alice.karina.vervik@orsta.kommune.noGuro Bakke Liaskar, Tenesteleiar, 90103223, guro.bakke.liaskar@orsata.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 306153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4848971522
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.12.2024
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 08.09.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Dalevegen 30, 6153 Ørsta
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
- FINN-kode
- 367249096
- Sist endret
- 23. aug. 2024 06:03