Inaktiv

Helsefagarbeidar vikariat

Arbeidsgiver
Bu og habilitering Bakk-Ola-marka
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
08.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

I Ørsta kommune er det for perioden 1.1.2025-30.09.2025 ledig vikarstilling for helsefagarbeidar. Stillinga er f.t. plassert i tenesteområde Bu og habilitering, Bakk-Ola-marka.

Tenesteområdet bu og habilitering yter tenester til menneske med utviklingshemming eller andre funksjonsnedsetjingar som treng tenester i form av praktisk bistand, opplæring, aktivisering i kvardagen, helsetenester i heimen og avlastning for barn og unge. Hjå bu og habilitering får du jobbe tverrfagleg med andre yrkesgrupper og instansar. Vi søkjer deg som har erfaring frå eller har interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar og behov. Stillinga er pr. no plassert i avdeling Bakk-Ola-Marka. Avdelingane i bu og habilitering har turnus på dag/kveld og helg, med ulike vaktlengder og hyppigheit av helgearbeid. Frå 02.12.24 byrjar kommunalområdet med årsturnus på alle avdelingar med døgndrift.



Arbeidsoppgåver

  • leggje til rette for at den enkelte tenestemottakar skal ha ei tilbod som fremjer eigen kvardag der dei har medbestmmelse og er aktiv deltakar i eigen kvardag
  • Motivere til aktivitet, og bidra til opplæring av daglege gjeremål, ADL-ferdigheiter og meistring av eigen kvardag
  • sjå den enkelte tenestemottakar og deira behov ut i frå dei ressursar vi har tilgjengeleg
  • Bidra til å skape ein trygg og forutsigbar kvardag
  • Lage gode planar og rutiner kring den enkelte ut i frå føresetnader og behov

Kvalifikasjonar

  • Off. godkjent helsefagarbeidar. Barne- og ungdomsarbeidarar kan også verte vurderte for stillinga.
  • Det er ein fordel om du har førarkort klasse B, helst med manuell
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
  • Relevant arbeidserfaring

Personlege eigenskapar

  • Kunnskap og interesse for og erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming
  • At du er engasjert, fleksibel og løysingsorientert
  • Evne og ferdigheiter til å jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig
  • Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit arbeidsmiljø med fokus på godt fagleg innhald og meistring
  • Gode kollegar og trivleg arbeidsmiljø

Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar

Stillinga er plassert i HTA kap. 4 Gr.2 - fagarbeidarstilling

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova §25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsynpå valeg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnalg for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Guro Bakke Liaskar, Tenesteleiar, 90103223, guro.bakke.liaskar@orsata.kommune.no

Arbeidsstad

Anders Hovden-gata 27

6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune



Referansenr.: 4849366575

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.01.2025

Sluttdato: 30.09.2025

Søknadsfrist: 08.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Anders Hovden-gata 27, 6150 Ørsta
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
367249334
Sist endret
23. aug. 2024 07:11