Inaktiv

Medarbeidar

Arbeidsgiver
Veg og park, Volda kommune, Samfunnsutvikling
Stillingstittel
Medarbeidar
Frist
15.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I avdeling Veg og Park i Volda kommune er vi stolte av ein organisasjon som er prega av åpenheit, utvikling og samhald. Vi legg vekt på at du skal trivast og oppleve oss som både spanande, trygge og utfordrande i din kvardag. Avdelinga har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar, parkar, veglys, hamner, kyrkjegardar, kaier og ute-områder.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudarbeidsområdet er innanfor park/grønt, utandørsområder og kyrkjegardar.
  • Stell av tilhøyrande maskinpark er lagt til stillinga.
  • Avdelinga har eit breidt ansvar og fagområde, der også kyrkjegardsarbeid inngår.
  • Vi nyttar it-system for oversikt, tildeling og gjennomføring av arbeidsoppgåver.
  • Det er ein fordel om søkjar er villeg til å ta del i beredskap og brøytevakt.

Kvalifikasjonar

  • Primært ønskjer vi søkjarar med fagbrev, god og relevant erfaring med tilsvarande arbeid vil vere med å vege opp.
  • Førarkort klasse BE er naudsynt, klasse C1 og anleggsmaskiner er ein fordel.
  • Erfaring med ulike anleggsmaskiner vert vektlagt.
  • Språkkunnskap (Norsk) er naudsynt.

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, har stor arbeidskapasitet, humor og bidreg til eit godt arbeidsmiljø i vårt fellesskapet.
  • Har gode samarbeidsevner og går godt overeins med andre.
  • Er sjølvstendig i arbeidet.
  • Erfaring med å møte menneske i ulike situasjonar er viktig for oss og vert vektlagt i vår vurdering.
  • Vi oppmodar både kvinner og menn som er kvalifiserte til å søkje på stillinga.

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar.
  • Moderne og oppdatert maskinpark. Lønns -og arbeidsvilkår som er fastsett i lov og avtaleverk.
  • God offentleg pensjonsordning i KLP.
  • Tilsetjing snarast råd.

Kontaktinformasjon

Ronny Rotevatn, Seksjonsleiar, 97721957, ronny.rotevatn@volda.kommune.no

Edvin Løfoll, Avdelingsleiar veg/park, +47 91 85 25 43

Arbeidsstad

Rotsetstranda 18

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune



Referansenr.: 4849525469

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 15.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Rotsetstranda 18, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Annet, Håndverker, Driftsoperatør/vaktmester
FINN-kode
367254541
Sist endret
23. aug. 2024 10:24