Miljøterapeutar bufellesskap - stillingane har langvaktturnus

Arbeidsgiver
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
Stillingstittel
Miljøterapeutar til bufellesskap med langvakter
Frist
08.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med og utvikle gode helsetenester i nytt bufellesskap i Stad kommune?

Bu- og miljøtenesta i Stad kommune ved avdeling Myroldhaug har ledig to faste stillingar på 100 % som miljøterapeut i 2:1-tiltak med tenestestad Nordfjordeid. Stillinga er inkludert 20 % frie timar. Turnusen er lagt opp etter eit medleverprinsipp med døgnvakter eller langvakter i samla arbeidsperiodar og periodar med natt. På grunn av behov søkjer vi i hovudsak etter mannlege tjenesteytarar. Stillingar er ledige frå dags dato.

Bu- og miljøtenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har fleire tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar i ulik alder og livssituasjon. Det overordna målet for bu- og miljøtenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av livskvalitet.



Arbeidsoppgåver

  • Vernepleiefaglege og/eller miljøterapeutisk oppgåver, miljøterapi, omsorg og behandling
  • Skape ein god heim
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå , eller helsefagarbeidarar med erfaring frå 2:1 -tiltak.
  • Kandidatar med relevant erfaring og gode personlege eigenskapar, som ønskjer å ta relevant utdanning, kan også søkje.
  • Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg.
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • På denne arbeidsplassen er det i hovudsak behov for mannlege søkjarar

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid
  • Høve til å skape eit godt arbeidsmiljø i nye lokale
  • Høve til fagleg utvikling
  • Vi legg til rette for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Kompensasjon / ulempetillegg på kr. 15.000.- pr. år som følgjer 2:1 tiltak.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vi tilbyr flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår

For kode og løn som miljøterapeut er det krav om 3-årig høgskuleutdanning. Kandidatar med relevant fagbrev vil få kode og løn som fagarbeidar.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Referansar skal leggast ved. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Svenn Morten Eikeset.

Kontaktinformasjon

Svenn Morten Eikeset, avdelingsleiar bu- og miljøtenesta avd. Myroldhaug, 902 90 106, svenn.morten.eikeset@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Myroldhaugvegen 43

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune



Referansenr.: 4847806641

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.09.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Myroldhaugvegen 43, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
367254727
Sist endret
23. aug. 2024 10:25