Reinhaldar

Arbeidsgiver
Avdeling reinhald
Stillingstittel
Reinhaldar
Frist
10.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ørsta kommune har ledig stilling som reinhaldar ved Hjørundfjordheimen, Sæbø.

Avdeling reinhald har ansvar for reinhald av kommunale bygningsmasse og er ein del av tenesteområde Teknsik drift og eigedom. Tenesteområde er organisert med med ansvar for kommunal bygningsmasse, reinhald og tenesteyting innanfor park og kyrkjegard, veg, vatn og avløp.

Vi har fokus på eit godt arbeidsmiljø som skal gi oss betre og meir effektiv tenesteproduksjon. Ørsta kommune er inne i ei aktiv utvikling, med mange oppgåver som må løysast i åra som kjem.



Arbeidsoppgåver

  • Dagleg og periodisk reinhald i høve arbeidsplan og behov
  • Oppgåver knytt til vaskeri er innlagt i stillinga
  • Bruke dataprogram for å registrere og kontrollere utført arbeid
  • Følgje retningslinjer innanfor helse, miljø og tryggleik - HMT
  • Ansvarleg for godt reinhald på sitt ansvarsområdet

Kvalifikasjonar

  • Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning, men fagbrev er ynskjeleg
  • Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tilsetjing
  • Førarkort klasse B er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du må snakke og forstå norsk
  • Ha god ordenssans, vere fleksibel og serviceinnstilt
  • Samarbeide godt med andre og ta sjølvstendige val
  • Vere fortruleg med bruk av reinhaldsmaskiner og dataverktøy

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med gode vilkår for fleksibilitet og utvikling med formål å gi ei betre og meir effektiv teneste
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP
  • Fleksibel arbeidstid.

Stillinga vert plassert i kap. 4 i HTA ut i frå formell kompetanse. Stillingskode og lønsplassering vert fastsett etter kvalifikasjon og avtale ved tilsetting.
For faste stillingar er det 6 mnd. prøvetid.


Søkjarane vert vurdert ut i frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar og røynsle frå tidlegare arbeid.
Personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju.

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Ulf Kristian Rognstad, Tenesteleiar teknisk, drift og eigedom, 951 55 275, ulf.kristian.rognstad@orsta.kommune.no

Agnieszka Papierska, Avd.leiar reinhald, 950 46 369, agnieszka.papierska@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Rådhuset

6153 ØRSTA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune



Referansenr.: 4845108628

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 10.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Rådhuset, 6153 Ørsta
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
367255014
Sist endret
23. aug. 2024 10:12