Inaktiv

Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Ortopedisk sengepost Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
06.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledig 80% vikariat som sjukepleiar!

Ortopedisk og revmatologisk sengepost er ein sengepost med 20 sengeplassar. Vi jobbar i eit spennande fagfelt og har mange engasjerte tilsette. Vi er ein sengepost med fokus på fag og vi ønskjer å vere langt framme innanfor vårt fagområde.

Med fokus på fagleg utvikling og eit dynamisk arbeidsmiljø, er dette en ypparleg moglegheit for deg som ønsker å utvide dine ferdigheter og få erfaring innan desse spesialfelta.

Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledige.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV



Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere sjukepleiartiltak i forhold til pasientar
  • Sjukepleieadministrative-/ koordinerande oppgåver
  • Legemiddelhandtering
  • Sjukepleieprosedyrar
  • Arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit
  • Rettleiing av studentar og kollegaer
  • Arbeid kvar 3. helg
  • Kontinuerlig forbetringsarbeid
  • Moglegheit for ekstravakter

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du er engasjert og lærevillig
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar
  • Du må trivast i eit aktivt og hektisk miljø

Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ei stabil personalgruppe med eit godt arbeidsmiljø
  • Fokus på fagleg utvikling og kvalitet
  • Ein spennande arbeidskvardag med moglegheiter for fagleg vekst
  • Eit engasjert team som jobbar tett saman for å gje best mogleg pleie til våre pasientar
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Andre Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, +47 70 10 58 17

Arbeidssted

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4850273235

Stillingsprosent: 80%

Vikariat

Startdato: 23.09.2024

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 06.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
367258014
Sist endret
23. aug. 2024 11:52