Brukarstyrt personleg assistent- BPA

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Brukarstyrt personleg assistent- BPA
Frist
30.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Eg er ei kvinne på 38 år, som søkjer ein aktiv assistent i ei stilling på ca. 15 timar i veka, med moglegheit for fleire timar.

Jobben vil vere å bistå meg med aktivitet og trening gjennom året, både innandørs og utandørs.

Aktivitetane kan til dømes vere styrke og kondisjonstrening, uthaldenheit, sykling, kano, ski; vere seg langrenn og alpint m.m.

Det understrekast at dette er ein aktiv jobb, og du må like å trene og vere i aktivitet.

Arbeidstida vil i hovedsak vere på ettermiddag/kveld/helg, då eg er på jobb på dagtid.

Det er ønskjeleg at du har førerkort klasse B.



Arbeidsoppgåver

  • Hovedoppgåva er å bistå med trening og fysisk aktivitet
  • Andre oppgåver kan vere aktuelle etter avtale

    Meir om ordninga med brukarstyrt personleg assistanse: https://www.helsenorge.no/hjelpetilbud-ikommunene/brukerstyrt-personlig-assistanse-bpa/

Kvalifikasjonar

  • Du må ha interesse for trening og å vere i aktivitet, sidan hovudoppgåva di blir å bistå med dette
  • Det er ikkje krav om formell utdanning, men det er positivt om du har kunnskap om trening
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du må like å vere i aktivitet
  • Du må vere stabil og til å stole på
  • Du må vere fleksibel
  • Kunne rettleie og motivere
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Det vil være moglegheit for fast tilsetting på sikt
  • Øystre Slidre kommune er arbeidsgjevar, og du får lønn etter gjeldande tariffavtale

Kontaktinformasjon

Mari Nysveen, Tildelings- og bustadkontoret, 91629270

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune



Referansenr.: 4847718619

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Søknadsfrist: 30.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Stillingsfunksjon
Annet, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
367260184
Sist endret
23. aug. 2024 12:18