Skulebibliotekar

Arbeidsgiver
Sveio kommune
Stillingstittel
Skulebibliotekar
Frist
13.09.2024
Ansettelsesform
Prosjekt

Beskrivelse

Sveio folkebibliotek er eit bibliotek som er både folkebibliotek og skulebibliotek i Sveio kommune. Me er ein sentral del av læringsmiljøet på skulen, og me søkjer ein/ei engasjert og dyktig bibliotektilsett som kan vere med å utvikla og drifta biblioteket vårt. Me er 2 tilsette i 100% og ønskjer deg til å vere med på å gjennomføra prosjektet: «Skule+skulebibliotek+folkebibliotek=Lesedugleik». Sveio kommune legg stor vekt på å auka leselysten til barn.

Me søkjer skulebibliotekar/ bibliotekar / formidlar

Sveio folkebibliotek har ein ledig stilling som skulebibliotekar/bibliotekar/formidlar, arbeidsstad vil vere på Vigdartun og rundt på barneskulane i Sveio kommune.
Me ønskjer deg som set pris på ulikheitar og forstår korleis bakgrunn og kultur har noko å sei i møter mellom menneskjer. Du har god kunnskap om litteratur og andre kulturuttrykk, er ein engasjert formidlar og kan tilretteleggje for samlande aktivitetar og arrangement. Mange av våre besøkjande er barn som treng ein trygg vaksen, den eigenskapen har du. 20%, med moglegheit for litt auke av stillingsprosent, prosjektstilling i eit år



Arbeidsoppgåver

  • Skape ein inkluderande møteplass, og bidra til å utjevne forskjeller i samfunnet gjennom lavterskeltilbud og samlande aktivitetar
  • Planlegge og gjennomføre arrangement, aktiviteter, kurs og verksteder for barn, ungdom, voksen og senior. Du vil jobba med skulebibliotekoppgåver, men også på Sveio folkebibliotek.
  • Nettverksarbeid mot nærmiljø og samarbeidspartnere
  • Samarbeid med lærere og annet personale for å integrere bibliotekets ressurser i undervisningen
  • Publikumsvegleiing og -service i det åpne biblioteket

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap, eller anna relevant utdanning.
  • Erfaring frå folkebibliotek/skulebibliotek/skule
  • Gode IT-ferdigheter og gjerne erfaring med biblioteksystem
  • Sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert
  • Engasjement for barn og unge si leseutvikling og læring
  • Gode pedagogiske ferdigheiter og erfaring med rettleiing og formidling

Personlege eigenskapar

  • Du er initiativrik og sjølvstendig, utadvendt og kontaktskapande
  • Du samarbeider godt med andre, og er ein god relasjonsbygger
  • Du engasjerer deg for biblioteket sitt samfunnsoppdrag
  • Du er fleksibel, og trivast med eit høgt tempo til tider.

Vi tilbyr

  • Meiningsfulle og varierte oppgåver i eit aktivt og utviklingsorientert miljø
  • Ein arbeidsplass som er en inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA)
  • Løn etter avtale
  • 20%, med moglegheit for litt auke av stillingsprosent, prosjektstilling i eit år


Me ser fram til å motta søknad frå deg!

Kontaktinformasjon

Kristine Thorkildsen, Biblioteksjef, 53748076, kristine.thorkildsen@sveio.kommune.no

Arbeidsstad

Sveiogata 70

5550 SVEIO

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sveio kommune



Referansenr.: 4850579773

Stillingsprosent: 20%

Anna

Sluttdato: 01.10.2025

Søknadsfrist: 13.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Stillingsfunksjon
Annet, Undervisning og pedagogikk, Arkivar og bibliotekar
FINN-kode
367264822
Sist endret
26. aug. 2024 05:49