Tannlege - vikariat
- Arbeidsgiver
- Sentrum Tannhelseområde, Fyllingsdalen tannklinikk
- Stillingstittel
- Tannlege
- Frist
- 08.09.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Sentrum tannhelseområde har ledig vikariat i 100% stilling som tannlege frå og med 07.10.2024 til og med 30.09.2025. Tenestestad er for tida ved Fyllingsdalen tannklinikk.
Fyllingsdalen tannklinikk er ein travel og triveleg klinikk med 4 behandlingsrom, sentralt like ved Oasen kjøpesenter i Fyllingsdalen bydel. På klinikken jobbar det 3 tannlegar, 3 tannhelsesekretærar og 1 tannpleiar. I tillegg til prioriterte gruppar av pasientar behandlar vi og vaksne, betalande pasientar.
Kvalifikasjonar
Du må ha norsk autorisasjon som tannlegeDu må beherske norsk skriftleg og munnleg
Relevant informasjon for søknaden må vere oversett til norsk, evt engelsk
Den som blir tilsett i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som
Likar å jobbe med mennesker og som set pasienten i fokus
Arbeidar sjølvstendig og mestrar travle dagar
Er positiv og serviceinnstilt
Har gode kommunikasjonsevner
Har gode samarbeidsevner
Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
Vi tilbyr
Løn etter avtale, med ei minsteløn på f.t. kr 620.000.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Thanh Huong Truong, klinikkleiar , 55 17 63 30Mette Vibeke Skønberg Vallentinsen, områdeleiar tannhelse, 92887298
Arbeidsstad
Folke Bernadottes vei 385147 Fyllingsdalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4850446071
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 07.10.2024
Søknadsfrist: 08.09.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Folke Bernadottes vei 38, 5147 Fyllingsdalen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Tannhelse, Helsepersonell, Annet
- FINN-kode
- 367272977
- Sist endret
- 26. aug. 2024 06:00