Inaktiv

Studiedirektør - st. nr. 20/2024

Arbeidsgiver
Høgskulen i Volda
Stillingstittel
Studiedirektør - st. nr. 20/2024
Frist
19.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda er det ledig 100% fast stilling som studiedirektør.

Studiedirektør har ei strategisk rådgjevar- og pådrivarrolle både overfor leiinga og underliggande einingar.

Studiedirektør har det samla ansvaret for kvalitetsarbeidet knytt til dei studieadministrative støttetenestene, og skal syte for at Høgskulen i Volda stettar krav og forventningar frå sentrale myndigheiter og høgskolen sitt styre når det gjeld studiekvalitet. Studiedirektør har ansvaret for å utvikle rammer for god kvalitet ved utdanningane, saman med dyktige medarbeidarar i studieadministrasjonen. Stillinga inneber å ha tett dialog med fagleg leiing både sentralt og i avdelingane, og saman finne løysingar til beste for høgskolen.

Studieadministrasjonen har ca. 25 medarbeidarar, og studiedirektør vil leie eit godt fagmiljø med ansvar for mange ulike arbeidsfelt. Det er iverksett eit arbeid med tilpassing av arbeidsprosessar og ansvarsområde. Ny leiar vil vere ansvarleg for å vidareutvikle dette arbeidet. Det er også planar for utviklingsarbeid innanfor fleire ansvars- og fagområde i Studieadministrasjonen.


Kvalifikasjonar

Vi søker ein utviklingsorientert og strategisk leiar som er god til å bygge relasjonar, har gode kommunikasjonsevner og som stimulerer til samarbeid og teambygging.

Du må ha bakgrunn som leiar, og erfaring med administrativt arbeid og personalansvar. Det er ein fordel om du har erfaring frå endringsleiing.

Du må ha høgre utdanning på masternivå eller tilsvarande.

Studiedirektør førebur saker som skal avgjerast av høgskuledirektør, rektor eller høgskulestyret. Du må difor ha gode analytiske evner, og vere god til å uttrykke deg både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk. Administrasjonsspråket ved Høgskulen i Volda er norsk. Du må ha god kjennskap til digitale verktøy og arbeidsflytar, og evne til å sette deg inn i lover og reglar.

Det er ein fordel med kjennskap til universitets- og høgskulesektoren.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Du er engasjert, inspirerande, løysingsorientert, og du har evne til å bygge tillit og motivere dei rundt deg. Du er tydeleg, tek ansvar, og har stor gjennomføringsevne. Som studiedirektør må du trivast med tidvis stort arbeidspress, tidsfristar og høgt tempo.

Arbeidsstad er i Volda.


Arbeidsoppgåver

Studiedirektør har eit bredt ansvarsområde, og deltek både i administrativ og fagleg utvikling. Det blir forventa at alle leiarar ved høgskolen bidreg både på det strategiske og det operasjonelle plan.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:

  • Leie og utvikle studieadministrasjonen og realisere overordna strategiske mål
  • Ansvar for system for studiekvalitet, og bidra til ei strategisk utvikling av studieporteføljen.
  • Ansvar for studieadministrative saker, til dømes regelverk, eksamen, opptak, internasjonalisering, studie- og emneplanar.
  • Gi råd til øvste leiing ved høgskolen og dekanane ved avdelingane i saker som vedkjem studiekvalitet og prinsippsaker
  • Utgreiing og sakshandsaming for høgskolestyret og Utdanningsutvalet ved høgskolen.
  • Økonomi-, personal- og resultatansvar for eiga eining
  • Sikre effektiv ressursbruk med god kvalitet, og sørge for kontinuerleg forbetring av rutinar, prosessar og digitale løysingar.

Arbeidsoppgåver og ansvar kan bli endra.


Vi tilbyr

Som vår nye kollega vil du få varierte oppgåver i eit spanande og sterkt fagmiljø der det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling.

  • Gode moglegheiter for kompetanse- og karriereutvikling
  • Inkluderande miljø med engasjerte kollegar
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Tilsettgode og fordelar, mellom anna moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som studiedirektør er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i denne stillingskoda ved Høgskulen i Volda, stillingskode 1060 avdelingsdirektør, ca. 900 000 – 1 090 000 NOK per år. Det vert trekt 2% lovbestemt innskot i Statens pensjonskasse av løna, som inneber pensjonssparing og risikoforsikring, les meir på www.spk.no.


Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.


Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.


Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte høgskuledirektør Ann Kristin Emblem på telefon 99 49 36 63 eller HR-sjef Odd Reidar Kvalsund på telefon 99 24 58 41.


Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no


Sektor
Offentlig
Sted
Joplassvegen 11, 6103 Volda
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
367275519
Sist endret
26. aug. 2024 06:06