Konsulent

Arbeidsgiver
Ulstein vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Konsulent
Frist
08.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ulstein vidaregåande skule søkjer etter ein dyktig konsulent som skal inngå i eit team av fire konsulentar i skulen sin merkantile stab. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, nøyaktig og arbeider godt både sjølvstendig og i lag med andre. Stillinga er eit 100% vikariat i tidsrommet 01.12.24 til 01.11.25

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver:

  • fag- og klasseadministrasjon av elevar
  • eksamensadministrasjon
  • elevdokumentasjon – vitnemål og kompetansebevis
  • rekneskap - kontering av fakturaer, bokføring, avstemming og reiserekningar
  • sentralbord
  • rapportering til VIGO
  • forefallande kontorarbeid

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter ein person som:

  • har utdanning og/eller arbeidserfaring innan økonomi og administrasjon
  • har god ikt-kompetanse og erfaring med Visma Inschool er ein fordel

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • utarbeider arbeidsoppgåvene sjølvstendig og samarbeider godt med andre
  • er løysingsorientert og gjennomfører arbeidsoppgåvene nøyaktig og har sans for detaljarbeid
  • kommuniserer godt både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

Vi tilbyr:

  • offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
  • løn etter avtale

Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.

Andre opplysningar:

Den som blir tilsett må levere politiattest jf, opplæringslova §10-9.
Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Jon Arne Garshol Haram, Ass. Rektor, 99627897

Arbeidsstad

Holsekerdalen 180

6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune



Referansenr.: 4849796919

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.12.2024

Sluttdato: 30.09.2025

Søknadsfrist: 08.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Holsekerdalen 180, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Økonomi og regnskap, Kontor og administrasjon / Kontorarbeid
FINN-kode
367288544
Sist endret
23. aug. 2024 10:29