Tannlege ved distriktstannklinikken Sunndalsøra
- Arbeidsgiver
- Tannhelsetenesta/Fylkestannlegen, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Stillingstittel
- Tannlege ved distriktstannklinikken Sunndalsøra
- Frist
- 16.09.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi har ledig, fast 100% stilling som tannlege ved distriktstannklinikken Sunndalsøra i Kristiansund kompetanseregion. Tiltreding etter avtale med overtannlege Sara Rutley.
Distriktstannklinikken ligg i sentrum av Sunndalsøra, i Sunndal kommune. Klinikken har overtannlegen i kompetanseregionen, to tannlegar, ein tannpleiar og tre tannhelsesekretærar.
Sunndal er ein stor industri- og kraftkommune, omkransa av vill og vakker natur. Kommunen har mykje å tilby av aktivitetar og attraksjonar heile året, med gode kultur- og fritidstilbod. Kommunen ligg i kort avstand til både Kristiansund, Molde og Oppdal. (Les meir på: www.sunndal.com/no/).
Arbeidsoppgåver
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannlege.
- God kommunikasjonsevne på norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg
- Den som blir tilsett må levere politiattest.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Personlege eigenskapar
- Trives med å jobbe med og for menneske
- Jobbar effektivt og sjølvstendig
- God samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
- Ønsker å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter avtale
- Oppdatert og fin tannklinikk
- Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram for alle våre nye kollegaer
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Trygge pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
- Etablerings- og stabiliseringstilskot
- Flyttetilskot
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Kontaktinformasjon
Sara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553Arbeidsstad
Auragata 56600 Sunndalsøra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4850938904
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 23.09.2024
Søknadsfrist: 16.09.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Auragata 5, 6600 Sunndalsøra
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Tannhelse, Annet
- FINN-kode
- 367308205
- Sist endret
- 26. aug. 2024 06:37