Inaktiv

Helland barnehage

Arbeidsgiver
Vestnes kommune Helland barnehage
Stillingstittel
Assisterande styrar
Frist
08.09.2024
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Stillingstype

Det er ledig 50 % engasjement for perioden 16.09.24 - 09.05.25 som Assisterande styrar ved Helland barnehage.

Arbeidsoppgåver assisterande styrar

- ansvar for at barnehagen fylgjer gjeldande avtalar, lovverk og vedtekter

- ansvar for at mål og visjonar for drifta av barnehagen vert fylgd

- ansvar for den daglege drifta og det pedagogiske tilbodet

- ansvar for dagleg leiing, rettleiing, rådgjeving av øvrig personale på avdelinga

- ansvar for å utarbeide og gjennomføre årsplan

Kvalifikasjonar

- bachelor barnehagelærar

- ønskjeleg med leiarutdanning/erfaring

- anna pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk

- gode datakunnskapar

- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2

- god relasjonskompetanse

Personlege eigenskapar

- er aktiv, engasjert og opptatt av faget

- har evne til å motivere, engasjere og rettleie personale

- er løysningsorientert

- er fleksibel

- har gode samarbeidsevner og vil bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø

- har gode leiareigenskapar

Vi tilbyr

- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer

- ein barnehagesektor med fokus på utvikling

- løn i høve gjeldande avtaleverk

- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet,

- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.

Kommunen har prøvetidsevaluering.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar

Oppgi referansar.

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Myra 1, 6390 Vestnes
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder, Ledelse
FINN-kode
367316748
Sist endret
26. aug. 2024 07:09