Konsulent

Arbeidsgiver
Drift/teknisk divisjon/ Teknisk avdeling, Helse Bergen
Stillingstittel
Konsulent
Frist
08.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Teknisk avdeling har ledig eit vikariat som konsulent fram til 31. august 2025 i den nyoppretta seksjonen Vedlikehaldsstyring og teknisk informasjon. Seksjonen har ansvar for å vidareutvikle arbeidsprosessane for Teknisk avdeling, sikre etterleving av desse og styrke den faglege støtta til drift- og vedlikehaldsavdelingane.

God vedlikehaldsstyring og dokumentkontroll er nøkkelkriterium for å oppnå ein sikker og effektiv drift av sjukehuset. Vi har ambisjonar om å vere i fremste rekke i bruk av moderne IT-verktøy og vil i løpet av 2024 starte innføring av nytt FDVU-system som vil gje eit betre planverk for våre drift- og vedlikehaldsoppgåver, i tillegg til prosjektaktivitetane våre.

Teknisk avdeling forvaltar Helse Bergen si eigedomsmasse og dei allmenntekniske anlegga. I tillegg til bygningsmessig drift og vedlikehald, har avdelinga også ansvar for sjukehusets tekniske infrastruktur og uteområde og drift og vedlikehald av en del produksjonsutstyr.

Teknisk avdeling er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, men ca. 25 av avdelingas tilsette er lokalisert ved Sandviken, Voss og Kysthospitalet i Hagevik. Avdelinga ønsker å sikre medarbeidarane ein trygg og god arbeidsplass som igjen er med på å gi best mogleg pasientsikkerheit for Helse Bergen. Hos oss får du anledning til å kombinere høg fagleg kompleksitet i ein verdifull samanheng.



Arbeidsoppgåver

  • Oppdatere og legge til rette oversikter over utstyr i FDVU-system
  • Administrere brukarkontoar og brukaroppsett
  • Vidareutvikle arbeidsprosessar og utarbeide rettleiarar og rutinar
  • Utføre merking av teknisk utstyr
  • Sette i gang vedlikahaldsplanar og utarbeide grunnlag for statistikk
  • Andre oppgåver som tilfell seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med ulike fagsystem i tillegg til M365
  • Høgare utdanning på bachelornivå innan relevante fagområde. Lang relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Erfaring med forbetring av arbeidsprosessar og utarbeiding av rutinar og rettleiarar
  • Kjennskap til merkesystem i byggebransjen, primært TFM, er eit føremon
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og løysingsorientert
  • Du set deg raskt inn i nye system og prosessar
  • Du kommuniserer godt med kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig innanfor de rammer som er beslutta

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø i nyoppussa moderne lokale

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden.

Kontaktinformasjon

Henriette Olderøy, Seksjonsleiar, 40066106

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4850633024

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.10.2024

Sluttdato: 31.08.2025

Søknadsfrist: 08.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Teknisk personell, IT drift og vedlikehold / Drift/Operations
FINN-kode
367327558
Sist endret
23. aug. 2024 02:28