Inaktiv

Hospitaldrift reinhald søker dyktig assistent/reinhaldsoperatør. Fast stilling 15,02% kvar 3. helg dag 

Arbeidsgiver
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen
Stillingstittel
Assistent/reinhaldsoperatør
Frist
01.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Hospitaldrift Reinhald har ledige stillingar som assistent/reinhaldsoperatør

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 750 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane.

Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 340 tilsette. Våre hovudoppgåver er regelmessig reinhald, hovudreingjering, smittevask og vask/reiing av senger.

Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor smittevern er svært viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.

Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene hovudsakleg vil vere utføring av regelmessig reinhald, smittevask samt andre reinhaldsoppgåver kva 3. helg på dag

Kvalifikasjonar

  • Vi søker etter personar med interesse for og gjerne erfaring frå reinhaldsfaget, til dømes gjennom arbeid ved helseinstitusjon, i hotell- og servisenæringa eller frå kurs- og konferansedrift
  • Det vil bli stilt krav til gode norskkunnskapar
  • Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er av stor interesse
  • Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene

Personlege eigenskapar

  • Serviseinnstilt, fleksibel og kvalitetsbevisst
  • Gode samarbeidsevner
  • Kunne jobbe både i team og sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst, strukturert og punktleg
  • Kunne utføre og trivast med eit arbeid som til tider kan vere fysisk krevande

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overreinskomst
  • Kurs- og utviklingsmoglegheiter
  • Bedriftsidrettslag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein veldriven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Eva Blom Rolfsvaag, Seksjonsleiar, 99 72 74 08

Katarzyna Ogrodnik, Konsulent, 55 97 08 65

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4850392154

Stillingsprosent: 15,02%

Fast

Startdato: 09.09.2024

Søknadsfrist: 01.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
367330382
Sist endret
26. aug. 2024 08:10