Inaktiv

Merkantil stilling ved Gossen barne- og ungdomsskole

Arbeidsgiver
Aukra kommune Gossen barne- og ungdomsskole
Stillingstittel
Konsulent/ lærarvikar
Frist
16.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ved Gossen barne- og ungdomsskole er det behov for å styrke laget på fleire område.

Vi ønskjer å tilsette ein person som kan løyse oppgåver både innan kontor/merkantil, kantinemedarbeidar og som lærarvikar. Du vil få ein variert arbeidsdag, og må ha evne og moglegheit til å stille opp der det trengs, når det trengs!

Til gjengjeld får du eit kompetent og triveleg kollegium rundt deg, og ikkje minst ein kvardag med mykje kontakt med dei fine elevane vi har på Gossen.

I den merkantile delen av stillinga (60%) vil oppgåvene vere:

  • post/journalføring/arkiv/sakshandsaming/dokumentasjon
  • Lønn og sentralbord
  • Innkjøp og varemottak
  • Sakshandsaming (T.D. permisjon frå pliktig opplæring, innmelding 1. klasse, SFO, tilsettingar)
  • Rekneskap og fakturering
  • Kvalitetssikre elevdata, følge opp elevmapper.
  • Skyss for elevar
  • Adgangskort og nøklar

20% av stillinga vil du vere kantinemedarbeidar og hjelpe kokken vår med måltid og oppvask

20% av stillinga ønskjer vi at du er tilgjengeleg som fast vikar for lærarteamet. Her vil du bli sett til å tre inn i dei undervisningstimane som trengs ved fråvær.

Eigenskapar og kompetansekrav:

• Vere serviceinnstilt og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• God rollemodell for elever, tilsette og føresette
• Fleksibel, strukturert og løysningsorientert
• God digital kompetanse
• God evne til å planlegge
• Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
• God fagleg kompetanse innan kontorarbeid
• Det er ønskeleg at du har relevant utdanning og erfaring
• Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga

Aukra kommune er nynorskkommune.


Vi tilbyr:
• Ein skole med god systematikk og gode rutiner
• Ein aktiv og utviklingsorientert arbeidsplass med rom for erfaringsdeling og kompetanseheving
• Ei støttande leiing
• Ei positiv og samarbeidsorientert foreldregruppe
• Eit godt arbeidsmiljø med samarbeidande og entusiastiske kollegaer med mykje humor

Søknad sendast innan 25. september 2024

Aukra kommune bruker elektronisk søknadsbehandling. Me ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Send søknad».


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Nyjordvegen 25, 6480 Aukra
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Kontor og administrasjon / Kontorarbeid, Konsulent
FINN-kode
367787718
Sist endret
26. aug. 2024 12:36