Radiograf
- Arbeidsgiver
- Radiologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Radiograf
- Frist
- 22.09.2024
- Ansettelsesform
- Engasjement
Beskrivelse
Radiologisk avdeling Ålesund har ledig 2 vikariat i 100% stilling som Radiograf. Oppstart etter avtale med seksjonsleiar
Avdelinga har ein god kombinasjon av unge og erfarne radiografar, eit hyggeleg sosialt miljø og engasjerte kollegaer. Vi søkjer deg som likar faglege utfordringar, er læringsvillig og kan bidra positivt både fagleg og sosialt inn i gruppa. Personlege eigenskapar vil vektleggast.
Avdelinga har høg produksjon og utfører diagnostikk innan modalitetene CT, MR, UL, konvensjonell røntgen og nukleærmedisin (SPECT-CT og PET-CT). Vi har ein topp moderne intervensjonslab der det blir gjennomført både generelle og avanserte intervensjonar som blant anna EVAR. Ålesund har også brystdiagnostisk senter der vi utfører screening og kliniske undersøkingar. Vi dekker på dagleg basis fagområder innanfor lunge, hjerte, urologi, gastro, gynekologi, muskel- og skjelett, barn, nevro/ØNH, og brystdiagnostikk.
Det planleggast i tillegg for nybygg på 7.300 kvm vest for sjukehuset, AIO-prosjektet, som skal innehalde nytt akuttmottak, intensivavdeling og sterilsentral. I nytt akuttmottak planleggast det blant anna ny CT-lab og takhengt røntgen i to traumestuer, som skal bemannast frå vår avdeling. Planlagt ferdigstillelse er i 2026/27.
Sunnmøre er eit eldorado av fjordar, fjell, vakre byar, historie, kulturliv og aktiviteter både for vaksne og born. På Sunnmøre vil du trivast! Med Ålesund som utgangspunkt har du kort veg til høge fjell og sjø, samt umiddelbar nærleik til flyplass (ca 25 min frå sjukehuset) som byr på gode høve for å nå destinasjonar i både innland og utland.
Sjå også: https://www.visitmr.com
Verkar dette spanande? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!
I tillegg til søknad og CV, ber vi om at du legger ved dokumentasjon på vitnemål, arbeidserfaring og referansar. Dette for å dokumentere kvalifikasjonar som framkjem i CV og til å fastsette lønn.
Helse Møre og Romsdal HF ynskjer at medarbeidarane våre skal spegle mangfaldet i befolkninga, og vi oppmodar
kvalifiserte til å søkje hos oss uansett kjønn, alder, funksjonshemming,
nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit opphald i
arbeidslivet.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pålagde arbeidsoppgåver i seksjonen
- Sørge for at eigen kompetanse alltid er i samsvar med aktuelle krav og retningslinjer
- Vere positiv til tilleggsoppgåver ved behov
- Turnusarbeid må påreknast
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som radiograf
- Relevant erfaring vektleggast
- Vidareutdanning er ynskjeleg, men ikkje noko krav
- Meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer ein initiativrik og engasjert person, med hjarte for faget og våre pasientar
- Du må vere nøyaktig, og ha god arbeidskapasitet for dagar med høgt tempo
- Du må ha evne og vilje til samarbeid med kollega og leiing
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Lisa Steinberg, Seksonsleiar, lisa.steinberg@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4847809102
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.10.2024
Sluttdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 22.09.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Radiograf, Sykepleier
- FINN-kode
- 367826319
- Sist endret
- 11. sep. 2024 06:01