Politiadvokat - inndraging-/økojurist

Arbeidsgiver
Felles eining for påtale - Seksjon for påtale Sunnmøre, Møre og Romsdal politidi
Stillingstittel
Politiadvokat - inndraging-/økojurist
Frist
09.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig ei spennande nyoppretta stilling som inndragings-/økojurist (politiadvokat, evt politifullmektig) i Ålesund. Stillinga er ein del av politidistriktet si styrking av innsatsen mot profittmotivert kriminalitet, mellom anna opp mot den organiserte gjengkriminaliteten og økonomisk kriminalitet.

I stillinga som politiadvokat med særleg ansvar for inndraging i straffesaker, vil du arbeide med inndraging og sikring av verdiar framskaffa gjennom kriminell aktivitet, samt med juridiske avklaringer og påtalestøtte innan dei samme områda, og med kompetanseheving og fagutvikling. Stillinga vil ha fag- og bistandsansvar opp mot heile politidistriktet.

Dei øvrige oppgåvene vil ha hovudvekt innan økonomisk kriminalitet, med etterforskingsleiing, påtale- og porteføljearbeid. Stillinga vil samhandle tett med avsnitt for økonomisk- og miljøkriminalitet som er eit spesialavsnitt ved Felles eining for etterforsking, og som hovudsakleg arbeider opp mot alvorleg økonomisk kriminalitet relatert til næringsliv og offentleg sektor. Avsnittet yt også bistand til andre seksjonar/driftseiningar opp mot ulike formar for profittmotivert kriminalitet.

Vi søkjer etter deg som har høg motivasjon for å arbeide med økonomisk og profittmotivert kriminalitet, og som er ein resultatorientert og kvalitetsbevisst medarbeidar som likar utfordringar, og som trivst med å samhandle i eit aktivt og engasjert miljø.

Felles eining for påtale er samansett av fire seksjonar, tre påtaleseksjonar (Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre) og ein seksjon for administrative støttefunksjonar. Seksjon for påtale Sunnmøre er stadsplassert i Ålesund.

Felles eining for påtale har eit overordna ansvar for etterforsking, påtale og iretteføring av straffesaker i politidistriktet. Eininga har fagansvar for straffesaksbehandling og skal sikre høg kvalitet gjennom ei forsvarleg og effektiv forvalting av den samla straffesaksportefølja i distriktet. Eininga har ansvar for å sjå til at gjeldande regelverk som straffeprosesslova, påtaleinstruksen, Riksadvokatens mål og prioriteringar og andre direktiv for straffesaksarbeidet blir etterlevde, og at omsynet til objektivitet og rettstryggleik blir ivaretatt i alle stadium av straffesaksbehandlinga.



Arbeidsoppgåver

  • Påtalemessig leiing av laupande saker innanfor økonomisk kriminalitet og i saker med inndragingspotensial
  • Vere ein pådrivar for inndragøvrigeing for dei andre påtalejuristane og i heile politidistriktet
  • Kompetanseheving og fagutvikling i politidistriktet knytt til inndraging og pengespor i straffesaker
  • Bistand til andre seksjonar og driftseiningar i saker og spørsmål relatert til inndraging og drive rettleiing i konkrete saker
  • Tett samarbeid med inndragingsspesialist (etterforsking) i politidistriktet
  • Påtaleansvarleg i tildelte saker
  • Handtering av eigen portefølje
  • Utføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
  • Utføre jourteneste etter tenesteplan
  • Leie, avgrense, setje mål for og følgje opp framdrift i etterforskinga
  • Sørgje for godt og effektivt samarbeid med både interne og eksterne aktørar
  • Kontakt med media
  • Kan av leiar påleggjast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Nødvendige

  • Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
  • For å bli vurdert som politiadvokat er det som hovudregel krav om utvida påtalekompetanse. I særlige tilfeller kan dette fravikast ved relevant arbeidserfaring.
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønska

  • Erfaring som advokat/jurist innen saksfelt som økonomi, skatt, konkurs, selskapsrett o.l. vil bli vektlagt
  • Utdanning innan økonomifag
  • Erfaring med straffesaker, særlig innanfor økonomisk kriminalitet og / eller arbeidslivskriminalitet
  • Gode digitale ferdigheiter for å kunne forstå digitale spor og kryptovaluta og nytte digitale verktøy

Personlege eigenskapar

  • Du brenn for å arbeide med økonomisk og profittmotivert kriminalitet
  • Evne til å kunne handtere stor arbeidsbelastning og høgt tempo
  • Effektiv og beslutningsdyktig
  • Systematisk, målretta og løysingsorientert
  • Evne til sjølvstendig arbeid
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Det vil bli lagt vekt på personlige eigenskapar, motivasjon, egnethet i stillinga og ei hensiktsmessig sammensetjing av seksjonen.

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattforma her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
  • Stillinga blir løna som politiadvokat stillingskode 1245, frå kr 646 000 til kr 870 900, eller som politifullmektig stillingskode 0288 frå kr 584 500 til kr 679 700
  • Høgare lønn kan vurderast for særskilt kvalifiserte søkjarar
  • Endeleg lønnsplassering er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet
  • Stillinga er i dag omfatta av særavtale om arbeidstidsbestemmelser (ATB) for påtalejuristar, og kompenserast for tida med kr 40.707 per år
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte om du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk
  • Møre og Romsdal politidistrikt er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Elin Anja Drønnen, 40454265

Arbeidssted

Nedre Strandgate 50

6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistrikt



Referansenr.: 4848831817

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 09.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Stillingsfunksjon
Jurist, Rådgivning, Saksbehandler
FINN-kode
367840474
Sist endret
27. aug. 2024 08:51