Inaktiv

Vikariat økonomileiar

Arbeidsgiver
Stab, Vanylven kommune
Stillingstittel
Vikariat økonomileiar
Frist
16.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vanylven kommune har ledig 6 måneder vikariat som økonomileiar då vår noverande leiar skal ut i foreldrepermisjon.

Økonomileiaren skal vere ei støtte og ein rådgjevar for kommunen sitt tenesteapparat og ein aktiv pådrivar for utvikling og forbetring av kommunen.

Som økonomileiar vil du få ei sentral rolle og du vil delta i arbeidet med organisasjonsutvikling, planarbeid, økonomirådgjeving og opplæring. Det er difor viktig at du er framtidsretta, strukturert og har god formidlingsevne.

Vi nyttar ERP-systemet Visma Enterprise og framsikt nyttast for budsjettering.

Tilsetting vil skje snarast mogleg.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvar for kommunen sin overordna økonomistyring og finansforvaltning
  • Ansvarleg for økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap, årsmelding og økonomirapportering
  • Hjelpe kommunedirektøren og tenesteytande einingar innan økonomiområdet
  • Hjelpe organisasjonen med innkjøp og anskaffingar
  • Systemansvarlig for kommunen sitt økonomi-/ERP-system
  • Leie og utvikle dei funksjonane som ligg til stillinga sitt ansvarsområde
  • Økonomisk rapportering
    - Tertialrapportering
    - Årsrekneskap og årsmelding
    - Kostra (SSB)
    - Moms/momskompensasjon

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå innan økonomi
  • Erfaring med rekneskapsføring, økonomistyring og budsjettarbeid, helst frå kommunal verksemd
  • God munnleg og skriftlig framstillingsevne
  • Gode IKT-kunnskapar, deriblant økonomi- og lønnssystem som nyttast i offentlig sektor

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Analytisk og strukturert
  • Utviklings- og løysingsorientert
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og tverrfagleg
  • Positiv og godt humør

Vi tilbyr

  • Eit positivt arbeidsmiljø med faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver og et godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
  • Konkurransedyktig vilkår

Kontaktinformasjon

Marte Saure, stabsleiar, 90027913, marte.saure@vanylven.kommune.no
Andreas Chr Nørve, Kommunedirektør, andreas.norve@vanylven.kommune.no

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:

Referansenr.: 4844178886
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 16.09.2024

Sektor
Offentlig
Sted
6143 Fiskå
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap, Økonomi og regnskap / Controller, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
FINN-kode
367843567
Sist endret
27. aug. 2024 09:08