Rådgivar/seniorrådgivar - jurist

Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Frist
15.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du jurist og vil vere med å nå visjonen vår om trygg framtid for folk og natur i Møre og Romsdal?

Bli kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. https://www.statsforvalteren.no/more-og-romsdal/

Er du ein jurist med eller utan arbeidserfaring? Har du lyst til å jobbe med rettstryggleik hos ei av dei statlege verksemdene med breiast oppgåveportefølje og med oppdrag frå alle departement?

Hos oss vil du få ei heilskapleg forståing av rolla vår i samfunnet, og du vil få høve til å jobbe innan fleire fagområde som skole, barnehage, barnevern, helse, verjemål og sosiale tenester. Du vil hos oss få kjennskap til arbeidsoppgåver som behandling av søknadar, klagebehandling, rettleiing og tilsyn.

I vårt verksemdsområde sosial berekraft, har vi eit stort fagmiljø med p.t. 18 juristar. Dei fleste oppgåvene våre løysast tverrfagleg. Dette gir høve til læring innan fleire av våre område. Vi har ei eiga juridisk samarbeidsgruppe for alle dei 27 juristane på embetet og vi løyser juridiske utfordringar på tvers av seksjonar og fagområde.

Har du interesse for god offentleg forvaltning og godt språk? Ønsker du å jobbe i eit aktivt og fagleg arbeidsmiljø med kollegaer i alle aldrar? Dersom du kjenner deg igjen i verdiane våre; engasjert, rettferdig, open og kompetent, håper vi at du søker stilling hos oss. Vi har no ledig stilling for jurist i verksemdsområdet sosial berekraft.
Kva kompetanse søker vi?
  • Juridisk embetseksamen (cand. Jur.) eller mastergrad i rettsvitskap. Nyutdanna og kandidatar som fullfører mastergrad i 2024 er også velkommen til å søke.
  • Du har eit godt og klart språk når du skriv og snakkar norsk.
  • Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav, at du har erfaring frå offentleg forvaltning og/eller erfaring frå nokre av fagområda våre.


For å bli tilsett som seniorrådgivar må du i tillegg ha
  • relevant arbeidserfaring innanfor eitt eller fleire av avdelinga sine fagområde
  • god kompetanse innanfor sakshandsaming, rettleiing, utgreiing eller utviklingsoppgåver

Kva ser vi etter hos deg?
  • Du er opptatt av godt samarbeid og kompetansedeling
  • Du kan arbeide effektivt og systematisk innafor gitte tidsfristar
  • Du er fleksibel og har evne til å omstille deg
  • Du må være interessert i samfunnsoppdraget og ha god samfunns- og rolleforståelse
Kvifor skal du velje Statsforvaltaren i Møre og Romsdal?
Vi kan freiste med ei stilling der du jobbar med samfunnsaktuelle saker i ei verksemd som haustar stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og i eit arbeidsmiljø der du i stor grad planlegg din eigen arbeidsdag.

Hos oss får du
  • ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
  • løn som 1434 rådgivar/1364 seniorrådgivar med lønsplassering ut frå kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innan fagområdet.
  • tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
  • medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad. https://spk.no/Medlemskap-i-SPK/
  • moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
  • velferdsaktivitetar og høve til å trene i arbeidstida

Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen. https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise

Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø

Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
Som tilsett hos oss, må du rekne med å kunne bli tillagt andre oppgåver innanfor Statsforvaltaren sitt ansvarsområde, avhengig av kva oppgåver som til ei kvar tid er prioritert og kva erfaring/kompetanse du har. Utviklinga av organisasjonen vår er i ein kontinuerleg prosess, og som tilsett må du være open for endringar både i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen. http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.

Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.

Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».

For meir informasjon, kontakt rekrutterande leiar Maren Ingeborg Ørjasæter på telefon (Norge +47) 90041063 eller områdedirektør Tone Monsen Aarø på telefon (Norge +47) 90701979

Søknadsfrist: 15.09.2024
Sektor
Offentlig
Sted
6412 Molde
Stillingsfunksjon
Jurist, Rådgivning, Saksbehandler
FINN-kode
367843673
Sist endret
27. aug. 2024 10:02