Sjukepleiar/Vernepleiar

Arbeidsgiver
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar
Frist
16.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen - med åtte brukarar på kvar avdeling.
Det blir lagt vekt på godt arbeidsmiljø og god kvalitet i tenestene.

Vi har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar ut året. Snarleg tilsetting.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene består av personleg og praktisk hjelp, helsehjelp og miljøarbeid med tilpassa aktivitetar i forhold til demensomsorg/alderspsykiatri, med fokus på ei personsentrert omsorg, primærkontaktansvar og samarbeid med pårørande.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Det er ønskjeleg med praksis frå demensomsorg/alderspsykiatri.

Personlege eigenskapar

  • Vår nye medarbeidar må ha interesse for demensomsorg/alderspsykiatri og kunne formidle tryggleik og ro.
  • Vi søkjer etter ein ansvarsbevisst medarbeidar med evne til samarbeid, som kan jobbe både sjølvstendig og i team.

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Stillinga er organisert i årsturnus

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Eva Skrivervik-Alme, Avdelingsleiar Gotatoppen, +47 48894818

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune



Referansenr.: 4851994793

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Sluttdato: 31.12.2024

Søknadsfrist: 16.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
367857080
Sist endret
27. aug. 2024 12:43