Psykolog-/spesialist

Arbeidsgiver
Vestland tannhelseteneste, Senter for odontofobi - TkVestland
Stillingstittel
Psykolog-/spesialist
Frist
15.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Har du lyst til å jobbe med eksponeringsterapi i eit tverrfagleg miljø?

Senter for Odontofobi (SFO) i Vestland Tannhelseteneste har ledig 100% vikariat for psykolog/psykologspesialist frå og med 18.11.2024 til 03.10.2025 (mogelegheiter til forlenging av vikariatet). Stillinga er ein del av tannhelsetenesta i Vestland sitt TOO-team (Tverrfagleg psykolog- og tannhelsetilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med odontofobi). Tenestestad er for tida TkVestland, som ligg i det nye odontologibygget, Årstadveien 19, Bergen, samt tannklinikk for TOO/SFO i Årstadvegen 21. Stillinga kan medføre ambulering til andre tannklinikkar med tverrfaglege TOO Team i Vestland fylkeskommune.



Arbeidsoppgåver

Målet med TOO-tilbodet er å behandle pasientar med høg angst i tannbehandlingssituasjonen slik at dei kan ta i mot ordinær tannbehandling.

Det er to psykologar tilsett i teamet i Bergen. Psykologen undersøker om pasienten har rett til tenestetilbodet ved inntaksamtale. I tillegg vurderer psykologen om pasienten kan ta imot og gjere seg nytte av behandlinga. Behandlinga krev eit tett tverrfagleg samarbeid mellom psykolog, tannpleiarar og tannlegar.
Andre arbeidsoppgåver er undervisning og kurs for tannhelsepersonell. Kompetansesenteret har samarbeidsavtale med UiB Institutt for klinisk odontologi (Masterprogram i odontologi og Bachelorprogrammet i Tannpleie) der tilsette i Senter for odontofobi foreles i ulike fag.
Tverrfaglege TOO Team får ta del på nettverkssamlingar og får opplæring og kurs innan fagfeltet.

Kvalifikasjonar

Søkarar til stillinga må vere psykolog med godkjend norsk autorisasjon. Søkarar med etterutdanning i kognitiv åtferdsterapi vil vere prioriterte.
Alle som skal tilsettast i tannhelsetenesta må legge fram politiattest.

Personlege eigenskapar

Den som blir tilsett må ha gode norsk-kunnskapar, kunne arbeide sjølvstendig, vere strukturert og ha god gjennomføringsevne.
Ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Ved vurdering av søkarane vil dei personlege eigenskapane bli vektlagde, og vi ønsker ein medarbeidar som bidrar positivt til teamet.

Vi tilbyr

Stillinga blir løna av Vestland fylkeskommune etter kvalifikasjonar
Stillinga kan delast
Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsettingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i følge Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkarliste. Søkar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkarlista blir offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Lise Marthe Krogenes, klinikkleiar , 91916257

Martha Sørensen, områdeleiar tannhelse, 98012834

Arbeidsstad

Årstadveien 19

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4849813244

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 18.11.2024

Sluttdato: 03.10.2025

Søknadsfrist: 15.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Årstadveien 19, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
367862394
Sist endret
27. aug. 2024 01:16