Tilkallingsvikarar

Arbeidsgiver
Bo og mestring
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar
Frist
31.12.2024

Beskrivelse

Vi treng tilkallingsvikarar innan miljøarbeid retta mot barn og vaksne med nedsatt funksjonsevne.
Ein meiningsfull ekstrajobb, der du vil bli kjent med flotte brukarar og ansatte. I denne jobben er det stor moglegheit for læring og utvikling.

Ved desse avdelingane innan Bo og mestring treng vi vikarar:

  • Solbakken; bo og avlastning for mennesker med nedsatt funksjonsevne
  • Grauteknapp bofellesskap for mennesker med nedsatt funksjonsevne
  • Notevarp; botjeneste og avlastning for mennesker med nedsatt funksjonsevne
  • Grivihaugen, bofellesskap for mennesker med nedsatt funksjonsnivå

Arbeidstid kan vera både dag, kveld og natt. Langvakter er òg hyppig bruka i tenesta vår.
Arbeid ved ein av bustadane våre består i å hjelpe bebuarane våre med å handtere kvardagen sin på best mogleg måte og å gje dei
gode og meiningsfylte dagar.

Ønsker du meir informasjon, ta kontakt med avdelingsleiar der du ønsker å søke.



Arbeidsoppgåver

  • Direkte brukaroppfølging i dagligdagse gjeremål
  • målretta miljøarbeid.
  • Turnusarbeid

Kvalifikasjonar

Ønska kvalifikasjonar/kompetanse:
  • Helsefagarbeider, vernepleier, anna helse og sosialfagleg utdanning
  • Ønskelig med erfaring frå miljøarbeidarbeid retta mot barn og vaksne med nedsatt funksjonsevne.

Særskilde krav:

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

Vi søker ansvarlege voksenpersoner med gode haldningar, med ønske om å hjelpe andre.

Då vi i tenesta vår av og til må handtera utfordrande åtferd er det viktig med:

  • gode kommunikative evnar
  • tolmod
  • kunne halda seg roleg i utfordrandesituasjonar.

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Anne Marie Nordli, Avdelingsleiar Grivihaugen, 97968599

Hilde Midtgarden, Konst. avdelingsleder Grauteknapp, 91310746

Ingrid Lømo Ånensen, Avdelingsleiar Solbakken, 41178658

Mona Beate Stokker, Avdelingsleiar Notevarp, 48139236

Arbeidsstad

Gamleveg 112

3802 Bø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune



Referansenr.: 4850996861

Søknadsfrist: 31.12.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Gamleveg 112, 3802 Bø i Telemark
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
367945447
Sist endret
27. aug. 2024 06:00