Inaktiv

Fagbioingeniør Hormonlaboratoriet

Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Berg
Stillingstittel
Fagbioingeniør - Hormonlaboratoriet
Frist
18.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er det største laboratoriet ved Haukeland Universitetssjukehus og har meir enn 350
tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 3 ikkje-analytiske seksjonar, tre
legegrupper (seksjon for medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og seksjon for
klinisk farmakologi).

Vi utfører ei rekke analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi, og
har moderne analyseinstrument. I tillegg til ei omfattande rutinedrift blir det
drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO
standard 15189.

Hormonlaboratoriet er eit spesiallaboratorium for hormonanalysar og er ein av dei 12 analytiske
seksjonane i MBF. Hormonlaboratoriet har nesten 30 medarbeidarar fordelt på
bioingeniørar, metodeutviklarar, kjemiingeniør og legar. Vi har både
automatiserte immunologiske metodar, manuelle benkemetodar og LC-MS/MS-metodar.

Vi søker etter ein engasjert og motivert medarbeidar som vil trivast i eit spennande
arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Ved seksjonen er det ledig fagstilling
knytta til fagfeltet immunkjemi p.d.d., men det vil høgst sannsynleg tilkome
LC-MS/MS metodar etterkvart. Stillinga er ledig frå 06.11.2024.



Arbeidsoppgåver

  • Delta i driftsoppgåver ved Hormonlaboratoriet samt blodprøvetaking og poliklinikk
  • Fagansvar for drift av RIA og ELISA analysemetodane og LIAISON XL
  • Vil truleg tilkome LC-MS/MS metode- og instrument-ansvar (ved utfasing av LIAISON)
  • Delta ved innføring av nye metodar og ved metodeverifisering, og må kunne utføre feilsøking som ligg innanfor ansvarsområdet til fagstillinga
  • Instrument og vedlikehaldsansvar
  • Ivareta utforming og oppdatering av prosedyrar
  • Utføre kvalitetsarbeid og bidra til utvikling av kvalitetsarbeidet ved seksjonen
  • Opplæring og rettleiing av studentar og medarbeidarar i dine analysemetodar
  • Delta i undervisning ved behov når dette er avtalt
  • Må halde deg fagleg oppdatert innan ditt fagspesifikke område
  • Andre oppgåver kan tilkome

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør med minimum 2 års erfaring frå tilsvarende laboratorium
  • Søkar må ha relevant LC-MS/MS-erfaring, det er fordel med erfaring fra fagbioingeniøroppgaver
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer deg i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollegaer i arbeidssituasjonen

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert, nøyaktig og strukturert
  • Fleksibel og endringsvillig
  • Ansvarsbevisst og samarbeidsvillig
  • Kan jobbe på sjølvstendig grunnlag og effektivt organisere eigen arbeidsdag
  • Kan arbeide systematisk i stressande situasjonar
  • Interesse for utvikling og kvalitet
  • Engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Personleg egnethet vektlegges

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Dagtid


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Trude Andersen, Seksjonsleiar, 55974381, trude.andersen@helse-bergen.no

Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882, ingunn.boro@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 15

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4846289738

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 06.11.2024

Søknadsfrist: 18.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
367997255
Sist endret
27. aug. 2024 02:37