Inaktiv

Fagbioingeniør Hormonlaboratoriet

Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Hels
Stillingstittel
Fagbioingeniør Hormonlaboratoriet
Frist
18.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har omlag 350 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi)

Vi utfører ei rekkje analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi, og har moderne analyseinstrument. I tillegg til ei omfattande rutinedrift som inneber døgnkontinuerleg vaktordning blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.
Hormonlaboratoriet er eit spesiallaboratorium for hormonanalysar og er ein av dei 12 analytiske seksjonane i MBF. Det vert utført om lag 200.000 hormonanalysar i året og legegruppa til Hormonlaboratoriet har i tillegg det medisinsk faglege ansvaret for om lag 500.000 hormonprøvar analysert ved andre seksjonar i MBF.
På Hormonlaboratoriet er vi nesten 30 medarbeidar fordelt på bioingeniørar, metodeutviklarar, kjemiingeniør og legar. Vi har både automatiserte immunologiske metodar, manuelle benkemetodar og LC-MS/MS-metodar.

Vi søkjer etter ein engasjert og motivert medarbeidar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Ved seksjonen er det ledig fast fagstilling knytta til fagfeltet immunkjemi frå 16.12.2024.



Arbeidsoppgåver

  • Delta i driftsoppgåver ved Hormonlaboratoriet samt blodprøvetaking og poliklinikk
  • Fagansvar for 15 analysemetodar ved Immulite 2000XPi og pasientnær analysering av kortisol ved AIA360
  • Delta ved innføring av nye metodar og ved metodeverifisering, og må kunne utføre feilsøking som ligg innanfor ansvarsområdet til fagstillinga
  • Instrument- og vedlikehaldsansvar
  • Ivareta utforming og oppdatering av prosedyrar
  • Utføre kvalitetsarbeid og bidra til utvikling av kvalitetsarbeidet ved seksjonen
  • Opplæring og rettleiing av medarbeidarar og studentar i dine analysemetodar
  • Delta i undervisning ved behov når dette er avtalt
  • Må halde seg fagleg oppdatert innan sitt fagspesifikke område
  • Andre oppgåver kan tilkome

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør med minimum 2 års erfaring frå tilsvarende laboratorium
  • Søker må ha relevant erfaring fra liknende laboratorie
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer deg i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollegaer i arbeidssituasjonen

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert, nøyaktig og strukturert
  • Fleksibel og endringsvillig
  • Ansvarsbevisst og samarbeidsvillig
  • Kan jobbe på sjølvstendig grunnlag og effektivt organisere eigen arbeidsdag
  • Kan arbeide systematisk i stressande situasjonar
  • Interesse for utvikling og kvalitet
  • Engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Personleg egnethet vektlegges

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Dagstilling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Trude Andersen, Seksjonsleiar, 55974381, trude.andersen@helse-bergen.no

Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882, ingunn.boro@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 49

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4846284780

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 16.12.2024

Søknadsfrist: 18.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsbakken 49, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
367997564
Sist endret
27. aug. 2024 02:35