Inaktiv

Fagarbeidar/assistent

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Skjold skule
Frist
06.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Me søker:

Skjold skule er på jakt etter ein fagarbedar/assistent i eit vikariat i 70% stilling frå 16.9.24 - 31.12.24.

Skjold skule er ein 1.-10. med to parallellar på 8.-10. trinn. Skulen ligg lengst vest i Vindafjord kommune, og har eit flott uteområde med skogen i nærleiken. Skulen har 320 elevar.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Følgje opp enkeltelevar i tillegg til å arbeida på SFO
  • Følgje opp og støtte for gode læringsaktivitetar
  • Samarbeide tett med kontaktlærer for gode læringsaktiviteter og overgangar
  • Legge til rette for trygge og inkluderande aktiviteter i friminuttane
  • Være en synlig og trygg rollemodell for alle elever

Kvalifikasjonar:

Fagbrev i Barne - og ungdomsarbeidarfaget, eller anna relevant kompetanse.

Det er eit ynskje at den som blir tilsett har erfaring frå arbeid med barn som treng ekstra oppfyljing og støtte.

Personlege eigenskapar:

  • Må kunne skape gode relasjonar til elevar, heim og vaksne ved skulen
  • Arbeida sjølvstendig, i team og kunna legge til rette for einskildelevar og heil klasse
  • Arbeida saman med kollegaer på skulen for å lage eit godt læringsmiljø for elevane og arbeidsmiljø for dei vaksne
  • Du tar initiativ til kontakt og er god på å byggje relasjonar.
  • Du er ein varm og tydeleg vaksen.
  • Du kan jobbe på eigenhand og i team.
  • Me legg stor vekt personleg eigenskap.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Vikanesvegen 4, 5574 Skjold
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
368039289
Sist endret
27. aug. 2024 03:55