Modellutviklar innanfor makroøkonomi

Arbeidsgiver
Forskningsavdelingen, Statistisk sentralbyrå
Stillingstittel
Modellutviklar innanfor makroøkonomi
Frist
17.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vera med å talfesta korleis norsk økonomi fungerer? Forskinga vår er viktig for samfunnsdebatten og bidreg til å danna grunnlaget for økonomisk politikk i departementa. Ei særleg viktig oppgåve for forskingsavdelinga i SSB er utvikling, vedlikehald og bruk av økonomiske modellar. Modellane blir finansierte i hovudsak av Finansdepartementet og dekkjer fagområda makroøkonomi, offentlege finansar på lang sikt, skatt, arbeidsmarknad, befolkningsframskrivingar og miljøøkonomi. Både modellane og SSBs analysar blir brukte av Regjeringa, sentralforvaltninga og partane i arbeidslivet i deira planleggingsarbeid.

I forskingsavdelinga, gruppe for makroøkonomi, er det ledig ei fast stilling som modellutviklar. Stillinga inneber mellom anna å modernisera infrastrukturen som ligg til grunn for makromodellane. Mykje av dagens infrastruktur skal over på eit nytt programmeringsspråk, heriblant koplinga mellom nasjonalrekneskapen og dei makroøkonomiske modellane. Stillinga vil òg knytast opp til aktuelle analyseprosjekt.



Hos oss får du vera med å

  • vidareutvikla dei makroøkonomiske modellane
  • fremskaffe best mogleg datagrunnlag for modellane, heriblant opparbeida djup innsikt i nasjonalrekneskapen
  • analyser av makroøkonomiske problemstillingar

Kva kompetanse er nødvendig?

  • Fullført mastergrad innan relevant program.
  • Dokumentert høg kompetanse i makroøkonomi.
  • Erfaring med programmering (til dømes Python, Matlab og EViews).
  • Interesse for empiri og tekniske sider ved modellbasert forsking.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (eller eit anna skandinavisk språk) og engelsk.

Kven er du?

  • Du har gode analytiske evne.
  • Du er målretta og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver.
  • Du har god gjennomføringsevne.
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med andre.

Kvifor skal du velja oss?

Hos oss vil du vere ein del av eit godt fagleg miljø med moglegheiter for eigenutvikling og fagleg fridom. Me er ein kunnskapsrik organisasjon, med meiningsfulle og spanande oppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Me har eit uformelt og hyggeleg arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

  • Løn som fyrstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar (1408/1434/1364) i lønsspenn frå kr. 532 200 til 777 900 000 etter kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte.
  • Gode høve for utvikling, samarbeid og nettverksbygging. Me har nytilsettprogram, årleg hackathon og arrangement for fagleg deling på tvers.
  • Aktive velferds- og idrettsforeiningar, med idrettsaktivitetar som fotball, innebandy og løping.
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Treningstilbod med moglegheit for ein time trening i veka, med treningsrom i kontorlokalane.

Verdt å merke seg før du søkjer:

  • Attestar/vitnemål/karakterutskrift skal registrerast/verte lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Me ber søkjarar som blir kalla inn til intervju om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Me utfører kontroll av dokument, og me gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar for tilsetjing.
  • Me gjer merksam på at opplysningar som søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste vert utforma.
  • Me meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer difor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Me vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Døme på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
  • Me oppmodar søkjarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkyssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
  • Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst éin søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie, bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.

Kontaktinformasjon

Thomas Von Brasch, Forskningsleder, +47 93898524, thomas.vonbrasch@ssb.no

Arbeidssted

Akersveien 26

0177 Oslo

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Statistisk sentralbyrå



Referansenr.: 4849247379

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 17.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Akersveien 26, 0177 Oslo
Stillingsfunksjon
Analyse, Rådgivning, Økonomi og regnskap
FINN-kode
368084642
Sist endret
28. aug. 2024 06:23