Inaktiv

Prosjektleiar Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal

Arbeidsgiver
Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Prosjektleiar Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal
Frist
11.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Noverande prosjektleiar vil i ei periode få andre utfordringar internt i vår organisasjon, og i samband med dette søkjer vi etter ein person som ønsker å drifte og fronte den viktige satsinga Barn og unges helseteneste. Vikariatet er i første omgang for eit år, men det kan bli forlenga.

I 2021 starta Helse Møre og Romsdal samarbeidsprosjektet Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal, etter modell frå Helse Fonna. Det er eit samarbeid mellom alle kommunar og Psykisk helsevern for barn og unge i helse Møre og Romsdal. Satsinga går ut på å implementere 7 samhandlingsforløp rundt dei vanlegaste psykisk helseutfordringane hos barn og unge. Møre og Romsdal har teke utgangspunkt i forløpa frå Helse Fonna, men har no arbeidd seg gjennom forløpa og har laga sine eige forløp som vart ferdig januar 2024.

Målsetjinga er å sikre samanhengande tenester mellom kommunar og spesialisthelsetenesta for barn og unge med psykiske lidingar i Møre og Romsdal, og gi barn og unge med psykiske vanskar «rett hjelp – på rett stad – til rett tid».

Forløpa er først og fremst laga for at fagfolk skal gi barn og ungdom eit samanhengande hjelpetilbod, men du finn også informasjon for barn, ungdom og føresette om kor ein kan få hjelp.

I prosessen har vi mellom anna hatt arbeidssamlingar, leiarsamlingar og nettverksmøte for å få innspel i satsinga. I tillegg til forløpa har vi starta med dialogbaserte inntaksmøte, felles møte mellom kommunar og BUP for å drøfte saker kring brukarar kor ein er usikker i kva teneste dei skal få hjelp i. Desse er positivt evaluert og skal breddase vidare til andre kommunar. Kompetansehevande webinar har også vore arrangert som vi held fram med. Satsinga blir implementert vidare i åra framover.



Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for drift av satsinga Barn og unges helseteneste
  • Leie prosjektgruppa og sørge for framdrift i satsninga
  • Koordinere og leie tiltak som skal igangsettast eller vidareførast
  • Kommunebesøk
  • Holde foredrag om satsinga
  • Sørge for brukerinvolvering og arrangere brukarsamlingar
  • Vere bindeledd mellom spesialisthelseteneste og kommune
  • Jobbe for implementering av forløpa i kommunane og BUP
  • Leie møter og samlingar

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan helsefag, sosialfag, pedagogiske fag eller anna utdanning relevant for tenestane
  • God kjennskap til tenestane rundt barn og unge er ein fordel
  • Kompetanse/erfaring innan prosjektarbeid og/eller endringsarbeid er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du må trivast med å jobbe i tett samarbeid med mange ulike aktørar
  • Du må ha gode evner til prosessuelt arbeid
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og kunne strukturere eigen arbeidskvardag
  • Du må vere initiativrik og kreativ, og vere god på å få andre med på lag
  • Du må trivast med å leie møter, samlingar og snakke foran forsamlingar. Du vil vere eit viktig ansikt utad for satsinga
  • Du må vere god på skriftleg og munnleg kommunikasjon

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Jenny Irene Raftevold Lyngstad, Avdelingssjef, jenny.raftevold.lyngstad@helse-mr.no

Toril Kvisvik, 957 81 432

Arbeidssted



Møre og Romsdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4850898783

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 11.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Ledelse, Prosjektledelse, Helsepersonell
FINN-kode
368101059
Sist endret
28. aug. 2024 12:46