Inaktiv

Psykologspesialist

Arbeidsgiver
Poliklinikk BUP Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykologspesialist
Frist
08.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Poliklinikken i Ålesund (BUP) er samlokalisert med akutt sengepost og har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Personalet på poliklinikken er samansett av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team.

I tillegg til generalist-team har vi eit akutt/ambulant team og eit småbarnsteam. Vi har etablerte ressursgrupper som mellom anna gir tilbod om spesialisert OCD-og angstbehandling (mellom anna med 4-dagers behandlingsmodell), eit spennande fagmiljø for gruppebehandling, og vi innehar spesialisert kompetanse for barn og ungdom med eteforstyrringar, psykoser og traumer.

Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for denne er ei forventa arbeidsoppgåve.

Er du på utkikk etter ei stilling som psykologspesialist der du blir ein del av eit godt fagleg fellesskap?

Poliklinikken (BUP) i Ålesund har ledig stilling i eit av våre generalistteam.
Ta gjerne kontakt så får du høyre meir om oss!

Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til din søknad.



Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av barn og ungdom med psykiske lidingar (av moderat til alvorleg grad)
  • Rettleiing og samarbeid med våre samarbeidsinstansar (kommunal helsetjeneste, PPT, barnevern osv.)
  • Vere deltakande i rettleiing til andre psykologar (t.d rettleiing/supervisjon)

Kvalifikasjonar

  • Vi ønskjer oss ein psykolog med fullført spesialisering innan relevant fagområde (barn og ungdom, rus- og avhengighetspsykiatri eller voksenpsykiatri).
  • Primært har du god erfaring frå arbeid i spesialisthelsetjenesta, og med interesse for arbeid med nevrobiologiske tilstandar (autisme, ADHD m.v.)
  • Den som blir tilsett må meistre norsk språk, både munnleg og skriftleg
  • Det er krav om å leggje fram politiattest før tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Søkjaren må ha evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • Tilsette blir kontinuerleg involvert i fag- og organisasjonsutvikling, og det er forventa aktiv deltaking og sjølvstendig initiativ i denne utviklingsprosessen
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innanfor avtalt arbeidstid
  • Søkjaren vil bli del av eit tverrfagleg team i seksjonen, og det å vere personleg eigna vil mellom anna bli vurdert opp mot evne til samhandling

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med svært gode moglegheiter for fagleg utvikling innan våre prioriterte fokusområder (psykose, personlegdomsforstyrringar, eteforstyrringar mm.)
  • Eit godt og sterkt tverrfagleg samarbeid med dedikerte behandlere
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Inger Ann Berge, Seksjonsleiar, inger.ann.berge@helse-mr.no

Arbeidssted

Geilebergvegen 20

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4852421567

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Geilebergvegen 20, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
368248573
Sist endret
29. aug. 2024 06:21