Er du vår nye kollega på helg? Fast helgestilling for assistent
- Arbeidsgiver
- Psykiatrisk klinikk/ Avdeling stemningslidingar/ Seksjon S1, Helse Bergen
- Stillingstittel
- Er du vår nye kollega på helg? Fast assistentstilling kvar 3. helg
- Frist
- 18.09.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.
S1 er ein lukka korttidsseksjon med 9 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Vi har om lag 68 fast tilsette, og behandlar-teamet er samansett av psykiatriske sjukepleiarar og vernepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, erfaringskonsulent, psykiater, psykolog, og lege i spesialisering (LIS1 og LIS3).
Vi har 4 ledige 18% faste stillingar for assistentar med arbeid pt. kvar 3. helg. Vi har eit godt og fagleg arbeidsmiljø på S1 og søker deg som ønsker å bidra og ta del i å oppretthalde dette.
For å opprettalde samansettinga i personalgruppa blir menn oppfordra til å søke.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av pasientar med fokus på individuelle behov, aktivitet og daglege gjeremål
- Delta i det tverrfaglege arbeidet i posten, herunder gjennomføring av den planlagde behandlinga av pasientar i tråd med god klinisk praksis, sjukehusets mål og etter gjeldande regelverk
- Utøve god miljøterapi under rettleiing av sjukepleiar/vernepleiar
- Dokumentere og rapportere observasjonar og utførte tiltak under rettleiing
- Praktiske oppgåver knyttet til drift av sengepost
- Forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Vi søker fortrinnsvis etter studentar innan sjuke- og vernepleie, psykologi (profesjon) og medisin, men andre søkarar blir òg vurdert
- Vi ønsker å knytte til oss medarbeidarar som er fleksible, løysingsorienterte og fagleg engasjerte
- Erfaring frå arbeid med psykisk sjuke menneske er ein fordel
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Gode datakunnskapar
- Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Ein skapar gode relasjonar til dei rundt seg, og opptrer med tolmod og respekt
- Vi søkjer personar som er modne, ansarsbevisste og har evne til å romme ulike følelsesmessige reaksjonar hos pasientane
- At ein bidrar til godt arbeidsmiljø, og arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Ein må trivast i eit aktivt og travelt miljø, og like varierande utfordringar
- Må vere personleg eigna til arbeidet
- Du arbeider strukturert og målretta, er punktleg og påliteleg
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du er løysingsorientert, god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr
- Vi tilbyr eit svært godt arbeidsmiljø med høg kompetanse
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg og fagleg utvikling
- Fadderordning
- Opplæring i terapeutisk meistring av aggresjon
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinkomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Marte Kristine Bjørgve, Seksjonsleiar, 55958722Asle Gramstad, Assisterande seksjonsleiar, 55958620
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4852823866
Stillingsprosent: 18%
Fast
Søknadsfrist: 18.09.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 4
- Sted
- Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
- FINN-kode
- 368254419
- Sist endret
- 29. aug. 2024 08:39