Tilkallingsvikar Fellesvaskeriet

Arbeidsgiver
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Stillingstittel
Tilkallingsvikar Fellesvaskeriet
Frist
20.09.2024

Beskrivelse

I tenesteområde Omsorg og sjukheim er det til ei kvar tid ledig stilling som tilkallingsvikar. Vi treng no tilkallingvikar ved Fellesvaskeriet ved Ørstaheimen.

Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde avdelingsleiar. Tilsetting skjer fortløpande.
Ver venleg å oppgi namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden. Erfaring, kompetanse, referansar og personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.



Arbeidsoppgåver

  • Vask og klargjering av arbeidskle og institusjonskle
  • Klebestilling
  • Følge oppsett dagsplan

Kvalifikasjonar

  • Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Liker utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Tar initiativ og ansvar
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Er strukturert og presis når det gjeld arbeidstid og arbeidsoppgåver

Arbeidsvilkår: Dagarbeid

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Arbeidsavtale i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk.

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Wenche Flo, Tenesteleiar, 95 71 21 20, wenche.flo@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Håkonsgata 78

6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune



Referansenr.: 4852483869

Stillingsprosent: 1%

Vikar

Søknadsfrist: 20.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
368258415
Sist endret
29. aug. 2024 08:28