Sjukepleiar, 100% vikariat

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Sone BBD. Tilsetjing sjukepleiar, 100% vikariat frå etter avtale - mai 25
Frist
19.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om stillinga

Gulen kommune har ledig 100% vikariat som sjukepleiar ved sone BBD frå snarast/etter avtale til ut mai 2025. Arbeid kvar 3. helg.

Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Byrknes. Det kan ved behov vere aktuelt med arbeid i andre avdelingar.


Vi tilbyr

Kommunen tilbyr løn over tariff for arbeid i turnus. Vi har også innført ekstra tillegg på helg - ei ordning som skal evaluerast hausten 2024.


Arbeidsoppgåver
  • Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver
  • Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
  • Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
  • Andre oppgåver som måtte kome til

I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg


Kvalifikasjonskrav
  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar
  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
  • Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Sektor
Offentlig
Sted
Søre Garden 28, 5970 Byrknesøy
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
368285476
Sist endret
29. aug. 2024 01:15