Reinhaldar

Arbeidsgiver
Eigedomsavdelinga, Gloppen kommune
Stillingstittel
Reinhaldar
Frist
22.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du jobbe som reinhaldar i eigedomsavdelinga?
Vi har ledig 100 % fast stilling med verknad frå 01.10.24.



Arbeidsoppgåver

Du vil bli tilsett i eigedomsavdelinga med heile kommunen som arbeidsplass.

Arbeidstida må tilpassast drifta på arbeidsstaden, men vil i all hovudsak føregå på ordinær arbeidstid (dagtid)

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer primært etter ein medarbeidar med fagleg bakgrunn innan reinhald og god kjennskap til moderne reinhald.
  • Det er ønskjeleg med praksis frå arbeid som reinhaldar.
  • Den som vert tilsett må ha førarkort for personbil.

Personlege eigenskapar

  • Våre nye medarbeidarar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team.
  • I tillegg vil vi legge vekt på at du er positiv, servicevennleg og stolt over å vere reinhaldar.
  • Du må også vere motivert for ein utfordrande og spennande jobb.
  • Vi vil legge stor vekt på at du kommuniserer godt og forstår norsk.
  • Den som vert tilsett må vere villig til fagleg utvikling, og vere med på å utvikle reinhaldstenesta i kommunen

Vi tilbyr

  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.

Det må leggast fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Hans Petter Almenning Eldevik, Tenesteleiar eigedomsavdelinga, hans.eldevik@gloppen.kommune.no

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune



Referansenr.: 4850945169

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
368318885
Sist endret
29. aug. 2024 02:23