Vikariat som avdelingsleiar i Bu- og miljøtenesta avd. Elvebøen 

Arbeidsgiver
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
Stillingstittel
Vikariat som avdelingsleiar i Bu- og miljøtenesta avd. Elvebøen
Frist
12.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ynskjer du å vere leiar og bli med på å utvikle helse og omsorgstenestene i Stad kommune? Då er dette stillinga for deg!

Stad kommune har ledig 100 % stilling, vikariat som avdelingsleiar ved Bu- og miljøtenesta avdeling Elvebøen frå 15.10.2024 - 31.12.2025

Stillinga har 100 % administrativ tid og dagarbeidstid med arbeidsstad Elvebøen bufelleskap på Nordfjordeid. Som avdelingsleiar er du ein del av Bu- og miljøtenesta sitt leiarteam, og vil ha ansvar for tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Avdelinga har tenesteyting til brukarar i bufellesskapet og heimebuande brukarar i nærområde. Avdelinga har omlag 50 tilsette.

Aktiv brukarmedverknad, samhandling og tryggleiksskapande tiltak for brukarar og personale står sentralt. Saman med brukarane ynskjer vi å legge til rette for å strukturere kvardagen optimalt. Målet er at kvar enkelt skal få den støtte ein treng og samstundes vere så sjølvstendig som mogeleg. Brukarane vert fulgt opp med målretta miljøarbeid og tiltak for at alle skal ha ein meiningsfull kvardag. For nokon er skule, utdanning og jobb viktig. For andre kan det vere ulike aktivitetar, enten på aktivitetssenter eller gjennom å delta på andre arena i samfunnet som brukar har interesse for.

Bu og miljøtenesta er den største eininga i Stad kommune og tenesta har fleire tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar i ulik alder og livssituasjon. Det overordna målet for bu- og miljøtenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av livskvalitet. Du vil vere med å utforme, kvalitetsikre og vidareutvikle tenestene og samhandlinga i bufellesskapa og i Bu-og miljøtenesta.



Arbeidsoppgåver

  • Leie den daglege drifta i eininga saman med leiarteam
  • Utarbeide turnusar og arbeidsplanar for dei tilsette
  • Dagleg oppfølging i ajourhald i RS og vikarbooking
  • Oppfølging av tilsette ved sjukefråver
  • Medansvar for faglege vurderingar, rettleie av personale og utvikling av avdelinga
  • Ansvar for møter med aktuelle samarbeidspartnarar
  • Oppfølging av internkontrollsystem
  • Samhandle på tvers av einingane i kommuna og bidra med innspel, råd og samhandling
  • Delta i økonomistyring og ansvar for innkjøp i samarbeid med einingsleiar
  • Organisering av lærlingar og studentar
  • Medansvar i rekrutteringsprosessar
  • Oppfølging nytilsette i samarbeid med personale

Kvalifikasjonar

  • Helse- eller sosialfagleg utdanning på høgskulenivå
  • Ha leiarerfaring eller motivasjon til å vere leiar
  • Vidareutdanning i leiing eller ønskje om å ta dette
  • Ha gode rolle-, system- og organisasjonsforståing
  • Er oppdatert på nasjonale mål og på relevant lov- og avtaleverk
  • Kan tileigne seg og nytte erfarings- og forskingsbasert kunnskap
  • Ha gode strategiske og analytiske evner

Personlege eigenskapar

  • Er fagleg oppdatert og oppteken av kvalitet i tenesta
  • Er strukturert, nøyaktig og systematisk
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • God relasjonell kompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid
  • Er sjølvstendig og endringsvillig

Vi tilbyr

  • Godt og nært tverrfagleg samarbeid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lokalt og sentralt avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ber om at vitnemål og attestar ved lasta opp saman med søknaden.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga. Vi ber om referansar av nyare dato.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!

Kontaktinformasjon

Karl Alsaker, Einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 915 61 383, karl.alsaker@stad.kommune.no

Ann Charlotte Jansson, Ass.einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Myroldhaugvegen 43

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune



Referansenr.: 4837775481

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 12.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Myroldhaugvegen 43, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
368321356
Sist endret
29. aug. 2024 02:25