Sjukepleiar - heimetenesta i Ytre Haram
- Arbeidsgiver
- Haram omsorgstenester, Haram kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleiar HT Ytre Haram
- Frist
- 15.09.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi søkar etter sjukepleiar i 100% fast stilling, for tiden i heimetenesta i Ytre Haram, som er lokalisert i Brattvåg. Stillinga er for tida i turnus, med arbeid på dag/kveld og kvar 3. helg.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommuna sine BPA ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i våre avdelingar, fokuserer på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane.
Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta oppgåver knytt til stillinga som sjukepleiar.
- Pleie og omsorg til brukarar.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og elevar/lærlingar/studentar.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Bidra til å realisere kommunen og eininga sine visjonar, mål og planar.
- Bidra til eit godt samarbeid mellom brukar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar, eller ferdig utdanna sjukepleiar i 2024.
- Førarkort klasse B.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Du må vere oppteken av fag og framtid.
- Du må vere løysingsorientert og engasjert.
- Du må kunne rettleie kollegaer og elevar/lærlingar/studentar.
- Du må kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidsplass med base i Brattvåg.
- Eit godt fagmiljø og god kollegastøtte.
- Vi har stort fokus på teknologi og alternative måtar å arbeide på.
- Løn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Grete Grytten, Avdelingsleiar, 48295440, grete.grytten@haram.kommune.noIngrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Storgata 206270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4850873783
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Storgata 20, 6270 Brattvåg
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 368398564
- Sist endret
- 30. aug. 2024 06:00