Helsefagarbeidar fast stilling
- Arbeidsgiver
- Haram omsorgstenester, Haram kommune
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar fast stilling
- Frist
- 15.09.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Haram kommune søker etter to helsefagarbeidarar i fast stilling og ein helsefagarbeidar i eit vikariat, for tida ved Haram Omsorgssenter:
- Stilling 1: 100% fast stilling, for tida i turnus på dag/kveld, og arbeid 3. kvar helg.
- Stilling 2: 85,09% fast stilling, for tida i turnus med langvakter, og arbeid 4. kvar helg. Mogleg med auke i stillingsprosent ved å tilføre seinvakter.
- Stilling 3: 100% vikariat frå snarast til 17.08.25, med mulighet for forlengelse. Stillinga er for tida i turnus på dag/kveld, og arbeid 3. kvar helg.
Haram Omsorgssenter har base i eit fint og moderne lokale på Haramssenteret i Brattvåg. Haram Omsorgssenter er ein institusjon som driftar langtids-, korttids-, rehabiliterings- og demensplassar. Haram Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legger til rette for at våre tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenestar. I 2021 vann Haram Omsorgssenter arbeidsmiljøprisen i Ålesund kommune i lag med Ytre Haram heimeteneste.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Helsefaglege oppgåver.
- Omsorg og oppfølging av pasientar.
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar. Personar som blir ferdig utdanna innan september 2024 kan også søke.
- Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
- Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging.
- Personleg egnethet vil bli vektlagt.
- Gode norskferdigheter munnleg og skriftleg.
- Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Personlege eigenskapar
- I Haram kommune ynskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du har gode evner til å arbeide sjølvstendig i pasientoppfølging og i dialog med pasient/pårørande
- Du har gode evner til å følgje opp gitte mål for kvar enkelt pasient, og er oppteken av å gjere pasienten mest mogleg sjølvstendig.
- Du har gode evner til å ta ansvar i arbeidsoppgåver og i oppfølging av pasientar.
- Du har godt humør og ei positiv framtoning.
- Du har lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer, og eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.
- Du ønsker å arbeide etter omsorgstrappa, og er oppteken av at pasientar får riktig tilbod på riktig plass.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid.
- Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver.
- Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
- Løn etter tariff.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Beate Austnes Nogva, Avdelingsleiar, 46865766, Beate.Jeanett.Austnes.Nogva@haram.kommune.noIngrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Storgata 206270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4838122960
Stillingsprosent: 100, 85,09%
Fast, Engasjement
Søknadsfrist: 15.09.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Storgata 20, 6270 Brattvåg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 368398674
- Sist endret
- 30. aug. 2024 06:02