Er du sjukepleiaren som vil gjere ein forskjell i akuttpsykiatrien?
- Arbeidsgiver
- Akuttpsykiatrisk post, Valen sjukehus
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Frist
- 08.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vil du vere med å gjere ein forskjell når det betyr som mest?
Hos Akuttpost Valen møter du pasientar i ein sårbar situasjon der dine faglege og menneskelege kvalitetar kan vere avgjerande. Vi søker ein sjukepleiar som ønsker å bidra med tryggleik, omsorg og fagleg kompetanse i eit tverrfagleg miljø.
Her får du moglegheita til å utvikle deg, lære nytt og bli ein del av eit inkluderande team som alltid set pasienten først. Er dette jobben for deg?
Søk no og bli med på laget vårt!
Arbeidsoppgåver
- Gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
- Du deltek i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, helsefagarbeidar
- Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten
- Utforme behandlingsplanar
- Gjennomføre strukturerte samtalar med pasientar i krise gjennom vårt behandlingstilbod "Krisepakke".
- Rettleingsansvar for studentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- taklar stressande situasjonar med ro og fagleg holdning
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er tilpasningsdyktig
- etterspør rettleiing
Vi tilbyr
- Inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
- Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs
- Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon og i behandlingstilbodet "Krisepakke"
- Du vil få opplæring, internundervisning og rettleiing
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Liv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, +47 53466474Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4848765084
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 06.01.2025
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 08.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
- FINN-kode
- 368407521
- Sist endret
- 21. nov. 2024 07:55