Avdelingsleiar
- Arbeidsgiver
- Hå kommune Nærbø ungdomsskule
- Frist
- 15.10.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Nærbø ungdomsskule har ledig ei fast 100 % stilling som avdelingsleiar frå 20.2.2025. Stillinga er per nå 50 % leiing inkludert sosiallærar på eige trinn og 50 % undervisning. Leiargruppa på NUS er sett saman av rektor og tre avdelingsleiarar, som kvar har ansvar for sitt trinn. Leiargruppa er og ein del av utviklingsgruppa saman med to lærarar og tillitsvalt på skulen.
Nærbø ungdomsskule er ein skule med ca 330 elevar og 45 tilsette. Her er det hyggelege elevar og eit veldig godt arbeidsmiljø. Skulen har ambisjonar om å utvikle elevane sin dugleik på alle plan og skape gode og trygge rammar for læring. Skulen er praksisskule, og tek i mot studentar i periodar både på hausten og våren. Nærbø ungdomsskule ligg nær togstasjonen, og har eigen parkeringsplass.
Kvalifikasjonar
- Godkjent pedagogisk utdanning
- Relevant leiarutdanning, eventuelt avtale om å ta rektorskulen
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du må være løysingsorientert og bidra aktivt til eit godt arbeids- og læringsmiljø
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- God IKT-kompetanse
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing, både pedagogisk og administrativt
- Leia dei tilsette si læring og utvikling
- Timeplanar og ressursfordeling
- Bidra i utviklingsarbeid
- Støtte og følgje opp tiltak kring elevar, klassar og trinn for å sikre eit trygt, godt og inkluderande skule- og læringsmiljø
- Arbeide aktivt for å lukkast med tilpassa undervisning for alle elevane
- Følge opp elevane si læring og progresjon
- Samarbeide med foreldre og andre aktører rundt elevane og skulen
- Bidra aktivt for å utvikle eit godt lærarsamarbeid og eit lærande profesjonsfellesskap på skulen
- Innhaldet i stillinga kan/blir tilpassa skulen sine fortløpande behov
Personlege eigenskapar
- God på kommunikasjon og relasjonsbygging
- Tydeleg og omsorgsfull leiar og klasseleiar.
- Du må kunna arbeide sjølvstendig, samtidig som du evnar å samarbeide med kollegaer og føresette. - Du må vera strukturert, løysingsorientert, lærevillig, målretta, engasjert, motivert og positiv
- Vera bidragsyter i utviklingsarbeid og profesjonsfellesskap
- Vera fagleg oppdatert innan skuleutvikling
Me tilbyr
- Eit godt og sterkt fagmiljø med mykje godt humør
- Moglegheit for etter- og vidareutdanning
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Konkurransedyktig lønn
- Fordelane som ei IA bedrift gir
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Torlandsvegen 2, 4365 Nærbø
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 368417654
- Sist endret
- 30. aug. 2024 10:28