Inaktiv

Off. godkjent sjukepleiar

Arbeidsgiver
Omsorg og sjukeheim, Hjørundfjordheimen
Stillingstittel
Off. godkjent sjukepleiar Hjørundfjordheimen
Frist
12.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar?  Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må  kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag men du vil få dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med  høg kvalitet. Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga.
Vil vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.

Ved Hjørundfjordheimen er det ledig 100 % fast stilling for off. godkjent sjukepleiar.

Hjørundfjordheimen er lokalisert ca 25 km frå Ørsta sentrum i bygda Sæbø ved vakre Hjørundfjorden. Hjørundfjordheimen har to avdelingar, der sjukeheimsavdelinga har 16 plassar og bukollektivet har 18 plassar. Ved avdelinga er der også integrert heimeteneste for heimebuande i Hjørundfjorden.

Vi er stolte at å vere ei heilttidskulturkommune og jobbar etter årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året. Ved å jobbe auka helgetimar, kan det vere med på å gi fleksible friperiodar. Vi har fokus på gode arbeidsmiljø og behalde tilsette.



Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar vil du få varierte arbeidsoppgåver med hovudoppgåve å gi god og omsorgsfull sjukepleie.  Vi legg vekt på kvalitet, tryggleik, ernæring og velferdsteknologi. 

Kvalifikasjonar

  • Off. godkjent sjukepleiar
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting 
  • Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar

Personlege eigenskapar

  • Du må ha interesse og gjennomføringsevne i å gi brukarane godt innhald i dagane
  • Vere interessert i fagleg oppdatering i form av interne kurs
  • Relevant arbeidserfaring
  • Likar utfordringar og handtere raske endringar i arbeidsoppgåver
  • Tek initiativ og ansvar
  • Er fleksibel og har evne til å både arbeide sjølvstendig og å samhandle
  • Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Gode evner til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon 

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte, dyktige og stolte medarbeidarar.
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Det vert gitt særskilt rekrutteringstilskot ved Hjørundfjordheimen  

Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 –  stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 sjukepleiar  

Arbeidsvilkår:  Dag/kveld inkl. helgar
Det kan vere aktuelt å gi bonus for auka timetal på helg

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

DokumentasjonFramlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Om offentleg søkjarliste  
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer
at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren
sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og
kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet
om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag
for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg
søkjarliste vert laga. 

Kontaktinformasjon

Nina Måseidvåg, Avd.leiar, 47 60 02 36, nina.maseidvag@orsta.kommune.no

Wenche Flo, Tenesteleiar, 95 71 21 20, wenche.flo@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Øyragata 20

6165 Sæbø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune


Referansenr.: 4852249747

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 12.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Øyragata 20, 6165 Sæbø
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
368433247
Sist endret
20. sep. 2024 06:02