Off. godkjent sjukepleiar  

Arbeidsgiver
Omsorg og sjukeheim, Ørstaheimen avd. Solkroken
Stillingstittel
Off. godkjent sjukepleiar Ørstaheimen avd. Solkroken
Frist
12.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar?  Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må  kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag men du vil få dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med  høg kvalitet. Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga.

Vil vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.

Ved Ørstaheimen er det ledig 100% stilling for off. godkjent sjukepleiar, avd. Solkroken. Dette er ei somatisk langtidsavdeling med 22 plassar og vi samarbeider med andre faggrupper i kommunen. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.

Vi er stolte at å vere ei heilttidskulturkommune og jobbar etter årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året. Ved å jobbe auka helgetimar, kan det vere med på å gi fleksible friperiodar. Vi har fokus på gode arbeidsmiljø og behalde tilsette.


Arbeidsoppgåver

Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på ernæring, sosial aktivisering, tillitsskapande arbeid, velferdsteknologi og trivsel for den enkelte.

  • Sjukepleiefaglege oppgåver
  • Fokus på forebygging og støtte opp under  brukar sine eigne ressursar
  • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Veiledning og opplæring av medarbeidarar
  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
  • Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må vere off. godkjent sjukepleiar
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing 
  • Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar

Personlege eigenskapar


  • Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
  • Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
  • Likar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
  • Tek initiativ og ansvar
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Du er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig 
  • Du trivest i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
  • Du er engasjert, løysingsorientert
  • Søkjer faglege utfordringar
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.

Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.  

Vi tilbyr

  • Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Kompetanseutvikling gjennom e-læring, internundervisning og kurs
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

 

Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar
Det kan vere aktuelt å gi bonus for å ta langvakter på helg. 

Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 –  stillingar med krav om høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 - Sjukepleiar  

Rekrutteringstilskot med bindingstid til nytilsette

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

 

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.  

Om offentleglova 
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

 

Kontaktinformasjon

Ingrid Mork, Avd.leiar, 47 90 65 93, ingrid.mork@orsta.kommune.no

Wenche Flo, Tenesteleiar, 95 71 21 20, wenche.flo@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Håkonsgata 78

6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune


Referansenr.: 4852239967

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 12.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
368435359
Sist endret
20. sep. 2024 06:04