Inaktiv

Fagstilling bioingeniør

Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT), Hels
Stillingstittel
Fagstilling bioingeniør
Frist
06.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken og har seks kjernedriftsområde. Blodgivartapping, komponentframstilling, immunologi, flowcytometri, immunhematologi og celleterapi. I tillegg kjem forsking, avansert celleterapuetiske produksjon, og blodberedskap. Hovudarbeidsområda er å skaffe blod, laboratorieanalysar, pasientbehandling, forsking og undervising. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189:2012. Avdelinga søkjer etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs.

Ved avdelinga er det no ledig fast stilling som fagbioingeniør. Den faste stillinga er ledig frå snarast og er knytt opp til Seksjon for komponentframstilling.

Arbeidsoppgåver

Fagstillinga skal mellom anna ha ansvar for:

  • Sending av plasma til fraksjoneringspartnar
  • Sending av plasma til avtalepartnar
  • Utstyr og prosedyrar tilhøyrande fagområde
  • Kvalitetsarbeid knytt til fagområdet
  • Opplæring av medarbeidarar og studentar
  • Halde seg oppdatert om utviklinga innan fagområde sitt
  • Delta i dagleg arbeid ved Seksjon for komponent framstilling og Seksjon for immunhematologi
  • Stillinga er vaktstilling med turnusarbeid (dag, kveld,natt og helgar, 35.5)
  • Vere ein pådrivar i dagleg drift av seksjonen og tilhøyrande arbeid
  • Blodprøvetaking

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Du må kunne meistre norsk og engelsk både munnleg og skriftleg
  • Det er ein fordel med minimum to års erfaring frå seksjonen
  • Erfaring med opplæring av personell er ein fordel
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagd

Personlege eigenskapar

  • Evne til og jobbe sjølvstendig, målretta og med fleire arbeidsoppgåver samtidig
  • Løysings- og utviklingsorientert
  • Systematisk og ryddig
  • Evne til raskt å sette seg inn i problemstillingar og vere fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg
  • Ha evne og ønske om å dele informasjon som er viktig og nyttig for andre på seksjonen
  • Ta initiativ og bidra til eit godt arbeidsmiljø på seksjonen og avdelinga for øvrig
  • Høg arbeidsmoral, punktlighet og ansvarsbevissthet vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg miljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Irmelin Aasheim, Seksjonsleiar, 55972479, aash@ihelse.net

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4852252701
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Ingeniør, Annet
FINN-kode
368452754
Sist endret
02. sep. 2024 06:39