Helgastillingar
- Arbeidsgiver
- f.t. ved Svelgen omsorgssenter, Bremanger kommune
- Stillingstittel
- Helgastillingar ved Svelgen omsorgssenter
- Frist
- 01.12.2024
Beskrivelse
Ved Svelgen Omsorgssenter er det ledige helgastillingar. Vi søkjer medarbeidarar som har interesse for faget. Stillingane har fortrinnsvis arbeid 2. kvar helg.
Vi kan tilby utfordrande og spanande arbeidsoppgåver i godt arbeidsmiljø ilag med erfarne kollegar.
Svelgen Omsorgssenter stod ferdig i mars 2016. Her bur pasientane i lyse og trivlege omgjevnader og medarbeidarane har fått ein heilt moderne og tilrettelagd arbeidsplass. Arbeidsdagen hos oss er variert, kor du lærer mykje på kort tid. Svelgen Omsorgssenter har 48 bueiningar, fordelt på 5 avdelingar. Avdelingane er fordelt etter diagnoser og ulike hjelpebehov. Vi har også eit lindrande rom.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg med erfaring frå pleie og omsorg, gjerne ferdig utdanna – eller under utdanning innen helse – og sosialfag.Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er ein motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert medarbeider. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år. Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid. Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs totalt 8 veker ferie og fritid!
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage f.o.m. 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310Arbeidsstad
Granden 16723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4854743074
Stillingsprosent: 25%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024
- Sted
- Granden 1, 6723 Svelgen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
- FINN-kode
- 368877689
- Sist endret
- 04. nov. 2024 07:44