Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar til nytt sjukepleieteam

Arbeidsgiver
Seljetunet omsorg og rehabilitering, Stad kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar på Seljetunet
Frist
01.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil DU vere med i Stad kommune sitt sjukepleieteam på Seljetunet omsorg- og rehabiliteringssenter?

Seljetunet har ledig 4 x 100 % stilling i årsturnus med dag, kveld og natt for engasjerte sjukepleiarar som ynskjer ein variert og spennande arbeidskvardag. 

Som sjukepleiar i sjukepleieteam kan du få rullere mellom å ha ansvarsvakter på topp av grunnbemanninga eller vere i avdeling som del av bemanninga.          

Seljetunet har totalt 47 plassar der 31 rom er for langtids- og kortidsopphald i institusjon og 16 bemanna omsorgsbustadar.

Vi søkjer deg som jobbar for kontinuerleg forbetring og som kan bidra med nye idear og utvikling av tenesta. Du vil få ansvarsfulle faglege oppgåver, kunne utvikle deg og vere med å påverke tenesta.

 Seljetunet har eigen fagleiar som sikrar fagleg oppfølging og kompetanseheving av personalet.

Som tilsett i eininga vil du samarbeide med andre tenester som heimetenesta, legetenesta og fysio-og ergoterapitenesta.

Det er arbeid kvar 3. helg og høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar og sommaravtale i årsplanen mot ekstra kompensasjon.

Er du i sluttfasen av sjukepleiestudie? Start gjerne di utvikling som sjukepleiar hos oss! 


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåver og medisinsk behandling
  • Ansvar for legemiddelhandtering, kontroll av multidosar, legge dosettar, bestille varer frå apotek og halde orden på medisinrom
  • Kartlegging og vurdering av behov for brukarar
  • Dokumentasjon i pasientjournal
  • Bidra til å sikre at forsvarlege pleie- og omsorgstenester utførast i tråd med kvalitetskrav og lovverk
  • Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell som fysioterapeuter, lege og andre einingar. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar 
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg engasjert og har pasienten i fokus
  • Du har god samarbeidsevne
  • Du har eit ønske om å utvikle deg og auke din kompetanse
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre

For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre tenestemottakarar.

Vi tilbyr

  • Årsturnus
  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Kompetansetillegg for relevant etterutdanning
  • Rekrutteringstilskot kr 30 000
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar og sommaravtale i turnus mot ekstra kompensasjon
  • Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
  • Tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for

Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagt ved søknaden. 

Stad kommune har seks månader prøvetid. Poitiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort. 

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Ring oss gjerne for ein prat, så fortel vi meir!

Kontaktinformasjon

Stine Fylling, avdelingsleiar Seljetunet, 984 82 449, stine.fylling@stad.kommune.no

Heidi Munch Starheim, einingsleiar Seljetunet, 480 45 210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no

Arbeidsstad



6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune


Referansenr.: 4849913664

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.12.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
6740 Selje
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
368923518
Sist endret
07. nov. 2024 11:58