Inaktiv

Fagansvarleg psykologspesialist

Arbeidsgiver
Vestland Kompetansesenter for arbeidshelse, NAV
Stillingstittel
Fagansvarleg psykologspesialist
Frist
22.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi ser etter deg som vil jobbe som fagansvarleg psykologspesialist ved NAV Arbeidsrådgiving Vestland.

Du identifiserer deg med verdigrunnlaget til NAV og forstår samfunnsoppdraget vårt. Hos oss vil du være med å gi mennesker moglegheiter; moglegheit for arbeid, moglegheit for meiningsfull aktivitet og moglegheit for inntektssikring i samsvar med lovfestande rettigheiter.

NAV Arbeidsrådgiving er ein av tre avdelinger i NAV Vestland Kompetansenter for arbeidshelse, saman med Senter for jobbmeistring og dei rådgivande overlegane i NAV Vestland. Vi er eit fylkesdekkande ressurs- og kompetansesenter som har kompetanse innafor arbeidshelse, arbeidspsykologi, pedagogikk og kartleggings- og rettleiingsmetodikk.

Hos oss blir du ein av våre ni tilsette som leverer tenester til NAV kontora i Vestland fylke; seks psykologar/psykologspesialistar og tre pedagogar/spesialpedagogar. Du vil jobbe tett med vår fagansvarlege spesialpedagog og leiargruppa i kompetansesenter for arbeidshelse.

Tenester som vert levert av NAV Arbeidsrådgiving er eit supplement til øvrige tenester i NAV. Vi legg stor vekt på å ha eit nært og godt samarbeid med andre einingar, særleg viktig er kontakten med rettleiarane ved NAV-kontora, jobbspesialistar og dei rådgivande legane.



Arbeidsoppgåver

  • Fag- og koordineringsansvar for teamet
  • Utgreiing, kartlegging og utvida rettleiing av brukarar med fokus på arbeid
  • Tematisk og fagleg undervisning
  • Rettleiing av tilsette ved NAV-kontora
  • Bistå brukarar med komplekse og uavklart bistandsbehov
  • Utvikle samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar
  • Synleggjere brukar sine ressursar og moglegheiter i arbeidslivet

Vi besøker NAV kontor i regionane for tverrfagleg saksdrøfting, undervisning og rettleiing. Ein må difor rekne med noko reise i samband med jobben.

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • norsk autorisasjon som psykolog
  • relevant spesialisering
  • svært gode norskkunnskapar; munnleg og skriftleg
  • erfaring med utgreiing - og kartleggingsarbeid

Det er ønskeleg at du har:

  • erfaring frå NAV, kjennskap til NAV sitt arbeid eller erfaring frå arbeid med menneske med utfordringar knytt til arbeid
  • erfaring i å leie og gjennomføre tverrfaglege møte
  • erfaring med bruk av digitale verktøy og arbeidsformer
  • erfaring frå munnleg og skriftleg fagformidling

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • har gode relasjonelle evner
  • samhandlar godt med andre og trivast med tverrfagleg teamarbeid
  • arbeider målretta, strukturert og effektivt
  • har gode evner og interesse for å drive rettleiing og opplæring

Vi tilbyr

Vi tilbyr:

  • spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
  • variert og tverrfagleg samarbeid
  • fagleg utvikling og oppfølging innafor relevante fagområde for stillinga
  • aktive og engasjerte kollegaer
  • tilsetting i stillingskode 1304 psykolog med godkjent spesialitet med lønnstrinn 74 -78, lønnsspenn 745.000- 821 100 kr. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå lønna blir det trekt 2%)

Kontaktinformasjon

Linn Merethe Hagedal Bæra, Kontorsjef, 40827552, linn.merethe.hagedal.bera@nav.no

Arbeidssted

Møllendalsveien 8

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: NAV



Referansenr.: 4840186496

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Møllendalsveien 8, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Rådgivning, Helsepersonell
FINN-kode
369082031
Sist endret
04. sep. 2024 06:15