Politistasjonssjef
- Arbeidsgiver
- Voss politistasjonsdistrikt, Driftseining Hordaland, Vest politidistrikt
- Stillingstittel
- Politiinspektør med funksjon som politistasjonssjef, Voss
- Frist
- 18.09.2024
Beskrivelse
I Vest politidistrikt, for tida Voss politistasjonsdistrikt er det ledig ei fast stilling som politiinspektør med funksjon som politistasjonssjef.
Voss politistasjonsdistrikt betenar til saman i overkant av 30000 innbyggjarar, i kommunane Eidfjord, Ulvik, Voss, Vaksdal og Osterøy. Hovudkontoret ligg på Voss, og med tjenestestad på Osterøy, og på Dale i Vaksdal. Tjenesteeinga har ca. 30 tilsette. Polititeneste i distriktet er basert på kombiteneste patrulje/etterforsking/førebyggjande. Tenesta er delt opp i aktiv patrulje og reserveteneste/heimevakt. I tillegg kjem forvaltningsoppgåver og gjeremål innan den sivile rettspleia, herunder publikimsmottak og pass.
Stillinga innebære og stillinga som namsfogd for kommunane som tilhøyrer tenesteeininga. Her kan det koma organisatoriske endringar, men dette er førebels ikkje avklart.
Grunnpreget i stillinga kan bli endra som følgje av organisasjonsendringar.
Arbeidsoppgåver
- Personal-, resultat-, budsjett- og HMS-ansvar for eininga
- Leggje til rette for effektiv ressursutnytting, samarbeid og måloppnåing ved eininga spesielt og i organisasjonen generelt
- Leie og styre ressursene planmessig ved tenestestadene i tenesteeininga og sørge for god ivaretakelse av administrative oppgåver
- Prioritere oppgåver i samsvar med overordna føringar og verksemdsplanar
- Følge opp strategiske beslutningar og iverksette/beslutte endringer innan eiga eining
- Sørgje for polititeneste med høg kvalitet innanfor førebygging, beredskap og etterforsking, med eit gjennomgåande førebyggjande fokus innan den geografiske eininga sitt område
- Ansvar for tenesteproduksjon og for kontakta med publikum, kommunar og andre aktørar innan det geografiske området til eininga
- Utvikla ein kultur for openheit gjennom god leiing og aktivt medarbeidarskap
- Leggja til rette for kunnskapsbasert læring gjennom erfaring og sørgja for systematiske forbetringar i teneste
- Sørgja for tilstrekkeleg vakt og patruljeberedskap i eininga og med dette setja av mannskap til politidistriktet sin samla politiberedskap
- Sørgja for god fagleg dialog med andre einingar og avdelingar i driftseininga og politidistriktet
- Sørgja for effektiv bruk av tilgjengeleg teknologi som kan letta det dagelege arbeidet og understøtta gode prosessar
- Sørgja for effektiv og tydeleg kommunikasjon med medarbeidarar, samarbeidspartnarar, innbyggjarar og verksemder i eininga
- Aktiv deltaking i GDE leiaren si leiargruppe
- Sørgja for at dei tilsette tek vare på politidistriktet sin informasjon, materiell og objekt
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen og/eller juridisk embetseksamen/Master i rettsvitskap
- Minimum 3 års relevant leiarerfaring
- Kunnskap og erfaring med HMS
- God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- God kjennskap til oppgåvene og utfordringane i politiet
- Brei politifagleg erfaring som sikrar forståing for, og politifaglege kunnskapar og ferdigheiter, for å kunne utfordre spesialiserte politifaglege miljø
- Må kunne sikkerhetsklarerast for HEMMELEG
- God munnleg og skriftleg framføring i norsk og engelsk
- Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å betene politiets alminnelege IT system
Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Ønskeleg:
- Kunnskap om personal- og økonomistyring
- Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg avtaleverk
- Relevant leiarutdanning
- Brukarerfaring med PAL for Strasak og PSV som styringsverktøy
Personlege eigenskapar
- Evne til å handle i eit strategisk og helhetlig perspektiv
- Gode leiaregenskaper, med evne til å vise god personalomsorg og motivere sine medarbeidarar
- Evne til å skape gode relasjonar/samhandle både internt og eksternt
- Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbyggjing
- Ha evne til å motivere medarbeidarar
- Resultat- og løysingsorientert med god gjennomføringsevne
- Setje retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling
- Samfunnsorientert og med forståing for eininga si rolle i politiets samfunnsoppdrag
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Som leiar må du i tillegg kunne leie i samsvar med vår medarbeiderplattform .
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida.
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stillinga blir lønn som politiinspektør med funksjon som politistasjonssjef (stillingskode 0290), frå kr 996.000,- til - kr 1.080.000,- brutto per år. Det blir teke atterhald om at stillingkode og arbeidstidsordning kan bli endra.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Ref.nr.: 24/183901
Kontaktinformasjon
Trond Sekkingstad, Drifteiningsleiar, 48886262For spørsmål om elektronisk CV/ søknad, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no
Arbeidsstad
Brynalii 1025705 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vest politidistriktReferansenr.: 4849406001
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 18.09.2024
- Sted
- Brynalii 102, 5705 Voss
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Annet, Kontor og administrasjon
- FINN-kode
- 369190206
- Sist endret
- 04. sep. 2024 09:22